Ein hovding som ruvde!

by | 16. des 2018 | Biografiar | 0 comments

Den dramatiske soga om Steiga-Tore

Steiga-Tore og Håkon Torefostre rir over Dovre. Måleri i Einbu-salen på Dale-Gudbrands gard.

IVAR KLEIVEN: Steiga-Tore var den mektigaste mannen som Gudbrandsdalen nokon gong har fostra. Om han ikkje synte fram dei beste sidene av folkelynnet til gudbrandsdølane, så lyt ein døme han etter tida som ho var, berre vel 70 år etter at kristendomen var komen til landet med tvang. Kor som er, var han ein hovding med ein vørnad og age, som rakk mykje vidare enn Gudbrandsdalen. Steiga-Tore var ein uroleg hause, sløg, grisk etter penning, men ein hovding som ruvde og hadde makt til å lede dølane dit han ville. Og døl var han tvers igjennom med eit breitt, fleipfullt ord på tunga om det såg aldri så mørkt ut.

Nest etter Einar Tambarskjelver var Steiga-Tore den mektigaste mellom lendmennene i landet, men Einar var nå eit betre menneskje på mange vis enn Tore, men kanskje ikkje så djuptenkt eller sløg. Steiga-Tore var mest den einaste lendmann i dalen som nokon gong med fullt medvet våga å ta ope strid mot kongemakta for å halde ved lag den hovdingmakta lenmennene hadde vunne seg i landet.

Les kva Wikipedia skriv om Tore på Steig

Mor til Tore var Isrid Gudbrandsdotter, morsyster til Heilag Olav. Far hans var Tor Istermage på Steig. Som ung var Steiga-Tore ein framtøk ungdom som ikkje skvatt for å våge seg borti viktige og vågsame tiltak. Da Harald Hardråde i 1046 kom att frå Myklagard og etla seg til å krevja retten sin til halve Noreg fra brorsonen sin, Magnus den gode, gjekk det noko trått med å få hjelp og stønad med å reise kravet. Da fôr han radt opp i Gudbrandsdalen til Tore på Steig, syskjenbarnet sitt. Tore var berre framveksting ennå, 15 år gamal, men trongde ikkje tenkje seg om lange stunda. Det vart lyst til tingstemne, truleg på den gamle alltingstaden på Hundorp, og her ga Tore kongsnamn til Harald Hardråde. Tore fekk gilde gåver som takk.

Venskapen med kong Harald kom ikkje til å bli langvarig, som var å vente med ein så sjølvrådig kar som Tore. Danskekongen Svein Ulvsson stod hardt etter å leggje Noreg under seg, og det sveiv i tankane hans, at han kanskje med gull og med list kunne greie å vinne stormenn. Han kjende vel til at meir enn ein av stormennene i Noreg vart veike i knea når gullet glimta for auga. Derfor drog han iveg til Noreg to av sine trofaste menn med brev og segl, og attpå bra med gull dei skulle by stormennene, om dei ville slå seg på hans side, når han kom til lands med ei dansk hærmakt. Men Harald Hardråde fekk teften av kva desse to danskane fór og smaug med, og let fakke dei; for å bergje livet sitt lyt dei halde ved å gå omkring hos stormennene med penning og brev i namnet hans Svein, men skulle kome attende til Harald og seie frå om utfallet. Det var rettast å setja på prøve truskapen hos desse bondehovdingane, tenkte kongen.

Einar Tambarskjelver gav det svaret, at han visste vel at Harald Hardråde ikkje var hans ven, men kom kong Svein til Noreg med hærmakt for å leggje landet under seg, så ville Einar møte med odd og egg for å verje det. Men Steiga-Tore var ikkje betre kar enn at han tok imot pengane og lêt vel om at Svein Ulvsson støtt hadde synt han venskap, og nå såg han at kongen ikkje hadde glømt venskapen bort.

Som ventande var kom det eit hardsett oppgjer med kong Harald da han fekk høyre, korleis fleire av landsens gjevaste menn hadde teke imot stikkpenning av danskekongen og lova seg til teneste når han kom og ville slå landet under seg. Somme lyt bøte med livet, og somme med store penningbøter og jordeigedomar, og Steiga-Tore var nok ôg etla noko anna enn venegåver denne gongen. Det skjøna han nok sjølv, da han høyrde at det vart oppstuss med dei danske stikkpenningane, og her galdt det å snu seg før det vart for trongt. Han reiste imots med Harald, som alt var på veg opp Gudbrandsdalen. Ved møtet fortalde Tore at det nyleg kom to danske menn til han med brev og bod fra Svein Ulvsson og hadde med penning, som dei baud fram. Desse penningane tok han imot, sa han, for han tykte, at dei penningane som var etla til slikt, måtte helst høre landsens konge til. Med det flidde han Harald ein drug pung med penning og bad kongen med det same å kome i gjestebod på Steig med mennene sine. Men Tore sjølv hadde det så anvinnt at han lyt fare attende til heimbygda så kvasst det lot seg gjere, Bygdamennene hadde vorte så usamde, at dei dreiv på med å slåst, og dermed reid han sin veg i tenjande renn. Desse to karane kjende kvarandre fra før, og kor mykje kongen trudde på pratet hans Tore, er ikkje visst å veta. Han lot dei orda falle, at Steiga-Tore var så falsk, at han var ikkje til å lite på i noko. Likevel fekk Tore ôveret til å dovne bort att denne gongen.

Men den gamle venskapen deira vart kanskje aldri heilt og friskt meir så lenge kong Harald levde. Da kongen i 1066 drog på hærferd til England og fall ved Standfordbru, var ikkje Steiga-Tore med. Han fekk bod om å vera med, men gav det svaret, at han hadde hatt ein så vond draum, at det tyktest han mest rådeleg å vera heime. Dette svaret tyder ikkje på noko djupare venskap mellom dei to.

Sonen hans Harald Hardsråde, Magnus Haraldsson, døde ung og hadde ein son etter seg som heitte Håkon Magnusson, og som i nokre år vart fostra hos stormenn i Viken. Seinare kom Håkon til fostring hos Steiga-Tore og var såleis på Steig i oppveksten. Den unge kongssonen skikka seg vel, og folket gjorde seg gode voner om han, han vart ein folkekjær ungdom, anten det skuldast fosterfaren eller han hadde den gode botnen i seg sjølv.

I sagaen er Håkon ofte kalla Håkon Toresfostre, etterdi han hadde arverett til halve kongedømet, men medan Olav Kyrre, farbror hans, levde, gjorde han ikkje krav på arven. Den kloke fosterfar hans fann nok ut at tida til å krevja halvt i kongedømet ikkje var komen ennå, men straks Olav Kyrre var slokna, gjorde Håkon og fosterfaren arevretten gjeldande, og folket på Opplandene var samstelte om å ta den omtykte kongssonen på Steig til medkonge med Magnus Berrføtt, syskjebarnet hans Håkon. Med eit stort følgje av opplendingar og døler drog Håkon og den aldrande og tungføre fosterfar hans over Dovrefjell til Nidaros om hausten 1093, og der vart Håkon Toresfostre vald til konge på Øyretinget.

Magnus Berrføtt var nøydd til å finne seg i å dele kongemakta med ein medkonge, men han gjorde det nok ikkje med godvilje og hadde nok i tankane å skilja seg med denne medkongen når det det falt seg såleis. Magnus ga nok Steiga-Tore skulda for at Håkon så snøgt fekk fremja kravet sitt på halvparten i rike og landsstyre.

Og det gjekk ikkje lenge før det tok til å kome opp eit og anna obytt mellom dei to kongane, og det spådde ikkje godt for freden. Håkon og Steiga-Tore fór frå Nidaros til Opplandene og budde seg på åtak frå Magnus. Oppå Dovrefjell flaug det opp ei rupe framfor hesten hans Håkon, og den unge, lettliva kongen sette på å sprengri etter ho, og på eit eller anna vis gjorde han seg nok skade av denne agelause ridinga. Han vart bråsjuk, så heile følget lyt vende på fjellet, og før dei nådde til bygds, var den unge kongen slokna og kom attende til Nidaros som lik.

Det vart sorg over heile Trøndelagen og Opplandene da dødordet hans Håkon nådde utover landet, for den stutte tida han bar kongsnamn, hadde han vunne folket for seg. Da liket kom attende til Nidaros, møtte byfolket gråtande.

Det var sjølvsagt eit hardt slag for Steiga-Tore, at han så brått mista den unge fostersonene sin, som såg ut til å bli så folkekjær. Han bar nå til å bli ein så gamal mann og så tung og tjukk at han mest ikkje orka å gå, og såleis hadde det vore å vente at han skulle gje seg til ro på Steig i heimbygda. Men den urolege hugen hans var ikkje dovna av, herskarlysta brann i han som før. Han hadde gjeve to menn kongsnamn i Noreg før, og han sette seg fore å gjera det ennå ein gong. Og så visste han vel, at heretter hadde han ikkje anna å vente seg enn fiendskap, hemn og ufred frå Magnus Berrføtt, som nå rådde aleine i Noreg – livet hans ville hengje i ein tråd korleis han enn laga seg til heretter.

Magnus_Berrfoetts_saga-Egil_hengt-W._Wetlesen

Tore ville ha den danske Svein Haraldsson som konge i Norge. Det like kong Magnus dårlig. Dei kriga, og til sist vart Tore fanga ved Vomma og hengt. W. Wetlesen teikna hendinga. Det er nok Tore som ligg på bakken, for Snorre fortel at kroppen hans var så stor og tung at halsen vart slite av.

Med desse framtidsvonene sette han i gang ope opprør mot Magnus og fann eit nytt kongsemne. Det valet gjorde ikkje norskdomshugen hans Steiga-Tore mykje ære, det var ein dansk mann av låg ætt, men kanskje ein vikingnatur, og i vikingferd hadde han vore. Svein Felle var namnet hans, han hadde vore hirdmann hos Håkon Toresfostre og vel likt av han. I lag med to rike og mektige lendermann, Egil Åskelsson frå Forland og Skjalg frå Jara, ein etling etter Erling Skjalgsson frå Sole, bar Tore til å sanke mannskap på Opplandene, fleire stormenn og bygdehovdingar stødde sikkert under dette opprøret, for lendmennene hadde imot Magnus Berrføtt. Steiga-Tore hadde ikkje så få dølar med seg i denne flokken, både frå Fron og dei andre bygdene i dalen; dei fekk sanka i hop ein dryg flokk og tok vegen til Romsdalen for å nå sjøen; her rådde dei seg til skip og segla til Nidaros. Der fekk dei auka mannskapet, og Svein kongsemne skulle ha førarskapet, heitte det, enda det var nok Steiga-Tore og Egil Åskelsson som var dei som rådde mest.

Magnus Berrføtt var i Oslo da tiende om opprøret hans Steiga-Tore kom han for øyro, og med ein gong stakk han til sjøs med godt mannskap og segla nordover til Nidaros. Kongen kom inn Trondheimsfjorden nettopp med det same opprørshæren var ferdig til å segle ut, men Steiga-Tore våga seg ikkje i sjøslag med Magnus og dei øvde mannskapa og dei gode skipa hans. Derfor rodde han i land med halve mannskapet ved Vangsvik i Strinda og for landleies over til Åfjorden i Fosen. Over fjellet lyt dei bera Steiga-Tore på båre. I Åfjorden fekk han skip att og for nordetter, radt til Bjarkøy.

Egil Åskelsson våga seg i kast med kongsskipa, men gjekk på tap, og mannskapet hans vart spreidd ved Lade, så dei lyt ta flukta nordetter, til dei nådde att Tore og hans flokk. Nå dreiv dei med å rane og brenne vidt og breidt i Velfjorden, før kongen med skipsflåta kom stemnande på dei, og dei såg med ein gong at det ikkje nytta å slåst. Det meste av opprørsflokken rømde inn på Hamnøya, og her vart både Steiga-Tore og Egil tekne, og kongen lot dei hengje båe to. Da Tore vart leidd til galgen på ein holme som heite Vombøya, sa han: «Før var vi fire i følgje og ein heldt styret», og framme ved galgen sa han: «Vonde er vonde råd.»

Steiga-Tore kom til å gje eit vondt fyredøme med å setja opp eit kongsemne som ikkje åtte rett til kongsstolen. Med det førebudde han dei lange borgarkrigane som herja landet i om lag halvtanna hundre år, mest likeså ille som Svartedauen. Nokon hærførar var han kanskje ikkje, han Steiga-Tore, det ser ut som han ikkje hadde gjevnad til å grunnleggje opprøret mot Magnus Berrføtt eller det gløggsynet og den vare omtanken til å bruke den folkemakta han hadde samla under seg.

Frå Fronsbygdin 1930

Publisert her første gong 28. april 2014

0 Comments

Submit a Comment