Far hans vart ihelskote, og sjølv kunne han binde eller løyse Fanden

Fanden eller Tor Graupslåen? Otto Sindings teikning til eventyret Fanden i nøtta
IVAR KLEIVEN: Tor Graupslåen skulle vera av fantslekt. Far hans, Jakop, rakte som langfant i ymse bygder til han vart ihelskote på fjellet mellom Fron og Valdres. Når Jakop helt seg roleg i heimbygda, budde han i Graupslåen og bar seg støtt for at han var låk, gjorde seg kreksot og armodsleg. Kvar gong han var ute og rakte etter dei gamle Kviknevegane og møtte folk oppå høgste åsane, der dei heldt kvile, var det ille vore med han, og da letta det svært for Jakop dersom dei slog på han ein dram av lommeflaska. Øyket han Jakop for og rakte med etter vegane, var støtt velstelt og holdaug, så den gjorde han ikkje synd på.
Sonen Tor braut med fantlivet og rekinga til faren. Han vart en overlag godt godtese kar, som ikkje sto fast med noko han tok seg over med – om det så var ei bok på framandt mål, så skjønte Tor kva det handla om. Folk trudde han hadde svartboka, og derfor var dei halvredde for han og tykte at det følgde mestsom ein lei, kald tokkje med han. Ordet gjekk om at han ikkje sto bleik korkje for å løyse eller binde gamlen sjølv, om det galdt på. Folk såg nok mangt av det Tor Graupslån gjorde, som ikkje kunne gå rett til.
Men det hende at Tor ôg råka folk som både sto opp ende med han og gav han fulle hender med å greie seg vel frå. Slik som da han kom i unåde med Sissel Kolbergstugun. Ho budde i Kolbergstugun ved Vetlhamar denne Sissel og var vel kjent for å kunne meir enn fadervåret. Nå var det ikkje så mykje som kom mellom Tor og Sissel, dei vart ikkje riktig sameinte om vekta på noko salt, men det var nok til at det kom til å gå nokre sneiord mellom dei. Og da Tor kom eit stykke på heimvegen, fekk han skot og vart så elendig klein, at det var med arme nauda han slong heim til Graupslån att.
Men da han rokk heim og fekk tak i bøkene sine, stod det ikkje på lenger: Han sette skotet attende, og da vart det ikkje forgodt å vera Sissel Kolbergstugun. Dei glatt utur Tor desse orda om dette:
Om ho Sissel gløme både Gud og fa’n, så skal ho itte gløme «om Tor Graupslån.
Han var framsynt ôg, Graupslåin, og såg kva som kunne hende i framtida. Eingong han var med i ein tekkje-dugnad, sat han og stirde ut gjennom glaset, og da såg han kjerringa si bar torv ilag med ein kar.
Jau – du skal nok få att broka etter meg, du!
sa han. Og såleis gjekk det. Enkja etter Tor vart gift oppatt med han som ho bar torv i lag med.
Mange år etter at han Tor Graupslån var død, var det ein mann som såg at han gjekk att. Mannen satt inni seterstua si om våren, og det leid på eftasida, så det tok til å bli kveldsdimme. Best det var, kom ein kar inn på glaset, sette handa for augo og såg inn. Det var’n Tor Graupslån, for mannen kjente han så vel og tok ikke i misst.
0 Comments