

Vekas bilde er attende! Vi startar opp att med eit par bilde vi har fått frå Linda Myromslien. Ho var den siste som vart tilsett ved Veidarvon seterstue ved Toftsetra. 1976 vart den siste sesongen det var drift ved Veidarvon. Den gongen var ho berre 11 år gamal, men handterte daglege gjeremål ved seterstua, så vel som kiosksal og utanlandske turistar. Sjå vår tidlegare artikkel om Veidarvon: https://fronhistorielag.no/siste-sesong-pa-veidarvon/
«Sidan eg var den siste tilsette på Veidarvon, fekk eg behalde serveringsdrakta mi til odel og eige. No har eg teke fram att drakta og tenkte ho skal få pryde ein vegg på hytta vår på Isumhøgda – ikkje langt frå Veidarvon», skriv Linda Myromslien. Foto: Linda Myromslien.
0 Comments