RASMUS STAURI: Frå Maihaugen 1958, da Sør-Fron hadde ansvaret for St. Hansfesten. Spelet om Dale-Gudbrand av Are Stauri vart framført med lokale aktørar. Frå venstre: Torleiv Helling (Tord Istermage), Are Stauri (Dale-Gudbrand), Hans Forr (Kong Olav), Johan Rudihagen (Kolbein Sterke),Olav Snortheim (Biskop Grimkjell). “Nei, her er vår gud som rår for alle ting- han ser på dykk med kvasse augo.- Kvar er nå din gud, Kong Olav?” Stykket gjorde stor lykke. Kanskje var det tid for eit nytt stykke, men denne gongen på Hundorp? Slik gjekk det:
Hans Forr, som spelte kong Olav, sa dette: «Nå kan de sjå kva han dugde til denne treguden som de har hengt gull og sølv på!» Dale-Gudbrand ser mørkt på det heile, men Johan Rudihagen med klubba er svært fornøgd. Hans Wassrud var Alf, son til Dale-Gudbrand og Åsta (Dagny Stauri). Ragnhild Wadahl spelte Istrid, dotter til Tord Istermage – storbonden på Steig. Kongsmenn og bønder var også med, men eg kjenner ikkje namna på alle desse. Kanskje andre gjer det?
0 Comments