Der hestane mista skoen

by | 26. feb 2017 | Biografiar | 0 comments

nr-98-ukjente-pa%cc%8a-besok-hos-kristian-og-pauline-hesteskobakken

Ukjende på besøk hos Pauline og Kristian i Hesteskobakken. Alle bilda frå Vegar Skar.

Husmansplassen Hesteskobakken på Harpefoss ligg i Husmannsåret 1978 til forfalls. Denne plassen, som blir delt i to av kommunegrensa mellom Nord- og Sør-Fron, var busett til etter krigen, men er nå gått inn under garden att. Hesteskobakken er ein av dei minst sju husmannsplassane som i si tid låg under Solbrå. Nokre plassar er utkjøpte, andre vart fråfløtte i siste halvdel av førrre århundre, da folk drog til Amerika og er forlengst gått inn under garden att. Hesteskobakken var den plassen det budde folk lengst på.

nr-82-inne-i-hesteskobakken

Inne hos Pauline og Kristian i Hesteskobakken

Tydinga av namnet Hesteskobakken er grei. Før Kongsvegen vart omlagt, gjekk ferdavegen mellom Oslo og Trondheim opp frå Lågen i ein bratt bakke ved dette bruket. Såleis mista mange hestar skoene sine i denne bratte bakken. Difor namnet, Hesteskobakken.

Avisutklipp frå 1978

nr-96-hesteskobakke-i-1960-a%cc%8ara

Hesteskobakken i 1960-åra

skjermbilde-2017-02-26-kl-16-36-22

Hesteskobakken – folketeljinga i 1875

0 Comments

Submit a Comment