Det første Peer Gynt-stemnet
PG2

Under det først Per Gynt-stemnet i 1928 vart Solveig (Karen Schetelein) og mor Åse (Klara Dahl) fotografert i historisk miljø på Hågå av Pål Kluften

RAGNAR ØVRELID:  Når Pål Kluften fekk idéen til Per Gynt-stemnet i 1928 veit vi ikkje. Men han hadde lenge interessserte seg for segner og lokale tradisjonar om Per Gynt, og hadde skrive om det i Oslo-avisene. Kluften var ein god ven av forfattaren Johan Bojer og fekk sikkert impulsar frå han og frå omgangskretsen hans. I ei førehandsmelding i  avisa Tidens Tegn til det første stemnet, sikkert skriven av Pål Kluften sjølv, står det :

Ideen med Peer Gynt-stemnee på Vinstra skriver seg egentlig fra den tyske forfatteren Max Raebel, som ville gjøre Vinstra til et norsk Oberammergau.

(Den tyske byen Oberammergau har frå 1600-talet kvart tiande år hatt sine pasjonsspel om Jesu lindingshistorie.) -Det ville vere ein god tanke, skreiv Raebel, å oppføre Peer Gynt og kanskje andre Ibsen-verk på eit naturteater, eller i en treaterbygning. Dette ville trekke mange turistar til Norge, meinte Raeble, og som vi veit, skulle ettertida gi han rett.

Ved 100-årsminnet for Ibsens fødsel slo Kluften til. Ein Ibsen-turné med skodespelarar frå Oslo gjesta by og land i jubileumsåret med Peer Gynt og Hærmændene paa Helgeland, og Pål Kluften fekk turnéen til Vinstra.

Laurdag den 9. og søndag den 10. juni gikk forestillingane av stabelen, ei scene vart sett opp på stemneplassen Kåja på Vinstra. Vêret hadde vore strålande tidleg på laurdagen, og alt såg lovande ut. Men så mørkna himmelen til. Og enda det vart berre ein liten skur over Kåja, var arrangørane redde for at mange hadde halde seg heime og frykta uvêr. Likevel kom det ca. 400 for å oppleve den første Peer Gynt-framsyninga på desse kantar. » Gudbrandsdølen refererer:

Ved 7-tiden begynte de første mennsker å vandre til Kåja, og ved 1/2 8 tiden begynte folkevandringen for alvor, biler tutet – og av og til hørtes lyden av et musikkhorn. Det var Nord-Fron musikkforening som hadde tatt plass på veien for å ta imot strømmen fra kveldstoget – og i spissen for den marsjere til stevneplassen.

Klokka 8 kunne forestillinga begynne. Men først heldt Pål Kluften ein opningstale, som rimeleg var, og han las opp sin eigen prolog til stemnet på klingande fronsdialekt, den vi har høyrt framført så mange gonger sidan. Nord-Fron musikkforening under Anton Berge spelte Grieg, og det same gjorde «teatrets eget orkester», og så kom sjølve teaterstykket.

Einar Tveito hadde hovudrolla som Peer, Klara Dahl var Mor Ase og Karen Schetelein Solveig. Desse namna er kanskje ikkje så kjende i dag, men dei var blandet dei fremste norske scenekunstnarane i si tid. Publikum var begeistra.

Dagen etter var det søndag og publikumsbesøk på Hågå. Der vart Peer; Aase og Solveig fotograferte i historisk miljø. Mor Aase til og med på kvernhustaket.

Om ettermiddagen var det samling i Kåja igjen. Klokka 6 heldt lektor Hand Skotte ved middelskolen på Vinstra foredrag om Ibsens diktning. Så var det klart for det neste Ibsens-stykket: Hærmændene på Helgeland, nå i godvêr, og med ca 250 til stades.

Skal vi tru avisreferata, var dette første Peer Gynt-stemnet ein suksess. Det fekk omtale i dei store Oslo-avisene både før og etter (rett nok temmeleg identiske, og vi drar kjensel på Pål Kluftens penn). Til og med Allers familiejournal hadde tekst og bilde frå søndagen på Hågå.

I ei pressemelding skreiv Pål Kluften:

Det er mulig lignende stevner blir arrangert også senere, og da rimeligvis i forbindelse med bilturer innover Sødorp-kjølen mot Rondane, hvor Per Gynt ferdedes.

40 år skulle det ta før desse tankane kunne realiserast. På Kluften sjølv fekk ikkje oppleve det, han døde i 1942, berre 53 år gammal. Men han fekk i stand eit stemne til på Vinstra, i 1932, det han kalla 200-årsminnet for Per Gynt frå Sødorp.

Frå boka Per Gynt-stemnet 1928-2003 Dølaringen Boklag 2003

0 Comments

Submit a Comment