Det store alpinanlegget i Kongslia

by | 18. aug 2014 | Idrett, Verksemder | 1 comment

Skulle det vore skiheis og slalåmbakkar vestanfor nye E6 på Vinstra? Foto: Statens vegvesen

HANS PETTER KLEIVEN: Det er berre «Amundsen» att av dei mange reiselivsverksemdene som tok til i dei optimistiske åra etter at jernbanen kom til Vinstra i 1896. Skulle ein på Vinstra likevel ha satsa på det store alpinanlegget i Kongslia i 1970? Den gongen kunne ein ha fått skianlegget for mellom 15 og 20 millionar kroner, og på Austlandet var det enda berre Geilo som hadde kome skikkeleg i gang. Ikkje fanst det nokon Hemsedal eller Trysilfjell, ikkje noko i Hafjell eller Kvitfjell. Same smitteeffekten som jernbanen hadde i 1896, kunne ført til at Amundsens Hotell kunne fått mange og gode kollegaer/konkurrentar på Vinstra og i Sorperoa, og det kunne vore mange gode arbeidsplassar ôg!

 Frå artikkelen «Amundens hotell 100 år» i Fronsbygdin 2005

1 Comment

  1. Olaug Askheim Aas

    Fyrste tanken min er: Kan hende det er bra for dei andre skianlegga i nærleiken at det ikkje vart enda ein konkurrent?

Submit a Comment