
Kongefamilien og Amundsens Hotell.
HANS PETTER KLEIVEN: Før påske i 1946 vart det kjent at kongefamilien ville feire påska i hytta si i Sikkilsdalen. Det vart ôg kjent at kongefamilien ville koma med nattoget til Vinstra og palmelaurdagen gå frå stasjonen til Amundsens Hotell, der dei skulle eta frukost, før dei drog i bilar opp mot Skåbu og vidare i beltevogner til Sikkilsdalen. Alle ville sjå og helsa på den kjære kongefamilien, så det var fullt av folk langs ruta frå stasjonen og til Amundsens Hotell. Her sto Vinstra Musikklag oppstilt, og ein fekk både Kongesangen og Nasjonalsangen. Ordførar Albert Kvammen heldt velkomsttale, og kong Håkon takka. Kvammen innleia tala si med:
Du herre konge..
Dette kongelege besøket vart til stiloppgåve på skulen etterpå. Ein elev skreiv at Kvammen tala «utur» hatta, medan Kongen tala «utur» huggu’e! Eleven hadde nok sett at Kvammen hadde skrive tala si og gøymt den i hatten sin.
Innadørs trippa Margit Amundsen lett nervøst – kongefrukost var ikkje akkurat kvardagskost. Sjølvsagt gjekk det fint, og det vart frukostar nesten kvart år i over 40 år. Ikke berre frukostar, men ôg middagar på heimferda frå Sikkilsdal andredag påske. Det sto ei sovevogn klar på Vinstra stasjon, som dei gjekk til utpå kvelden. Så vart sovevogna kopla til nattoget, når det kom. Middagane sende hotellet inn forslag til Slottet på kvart år, men frukosten var alltid eins.
Middagar som fall i smak, var ofte noko med laks til forrett og vilt, som reinsdyr eller rype, til hovudrett, og nesten alltid moltekrem til dessert.
Det vart eit hjarteleg forhold mellom vertsskapa på Amundsens Hotell og kongehuset, med utvekslingar av helsingar ved familiære hendingar.
Frå artikkelen «Amundsen Hotell 100 år» i Fronsbygdin 2005
Ved Skåbu samvirkelag gjekk kongefamilien over i beltebilar denne aprildagen i 1946.. Og denne fyrste gongen etter krigen vart det gjort litt ekstra: Lærerinne Margit Blekastad og lærar Sigmund Hernæs tykte det ville passa at prinsebarna fekk kvar sin vesle, nyplukka geitivilblomebukett. Dei som skulle få æra av å gi blomane, var dei som hadde fødselsdag og år nærast prinsebarna. Prins Harald var ni år. Han som var utvald til å gi blomane til prinsen, sto der med buketten sin etter at prinsessene hadde fått sin. Eg såg guten, ganske fortvila sto han der. Eg gjekk bort til han og undrast kvifor han ikkje hadde gitt blomane. Da tok han til tårene og sa «E» kjeinne’n itte.» Og Harald var som guttunger flest, eg fekk sjå han borti garasjen der han studerte dei gamle bussane. I alle fall, blomane vart levert og alt ordna seg. Omtrent alt som kunne krype og gå, var møtt fram, så det var folka utpå plassen ved Samvirket, og ikkje særleg organisert heller. Det var ikkje det store sikringsopplegget rundt dei kongelege den gongen.
Interessant! Eg legg dette ut på framsida. mvh