Det vart ikkje meir sabotasje

by | 4. mai 2014 | Kommunikasjon | 0 comments

Rostren

Etter sabotasjeaksjonen i Rosten i 1940 sette tyskarane opp eit vakthus og bygde opp att brua. Bilde frå Ola Rosten/Selhistorie.no.

RAGNAR ØVRELID: Nokre norske soldatar vart oppdaga på Rusthågåsætra fleire veker etter at kampane i Fron var slutt i april 1940. Folk frå Fron ville hjelpe dei med sivile klede og mat, men vart temmeleg tøft mottekne.

Desse karane ville aksjonere mot tyske tropper og hadde våpen og utstyr til det. Frøningane forklarte soldatane vegen til det tronge skaret i Rosten i Sel, ein god plass for ein sabotasjeaksjon. 24. mai slo desse soldatane til mot ein militærkolonne ved brua i Rosten. Mange tyske soldatar og hestar vart drepne, det flaut døde hestar nedover Lågen lenge etter.

Så viste det seg at soldatane som vart drepne, var austerrikske, og nodmennene som hadde hjelpt sabotørane, fekk det vondt da dei høyrde det. Folk i Fron såg tydelegevis annleis på soldatar frå Austerrike. Dei var så mykje mildare i stemma enn dei skrålande tyske offiserane og soldatane, seier folk. Ein frøning kan ikkje gløyme ein kveld han var i stallen og skulle fôre hesten. Da kom ein austerriksk soldat inn. Han tok ned i kornbingen, let havren renne mellom fingrane og gret. Han tenkte på sine eigne dyr heime.

Tyskarane svarte på aksjonen med å ta gislar, og general Engelbrecht i Lillehammer sende ut skarpe trugsmål mot liknande handlingar. Kom det nye sabotasjeforsøk mot tyske troppar, ville gisla bli skotne. Tyskarane kom til Kvam også for å leite etter dei norske sabotørane. Og truslane var klare: Folk som hjelpte engelske eller norsk rømlingar, ville bli stilte for krigsrett.

Folk måtte halde seg inne mellom klokka 23 og 5 på natta. Desse unntakslovene vart oppheva att den 15. juni.

Dei første møta med okkupasjonsmakta verka sjølvsagt sterkt på bygdefolket. Det kom da heller ikkje til fleire sabotasjehandlingar.

 

0 Comments

Submit a Comment