Dølen på ville vegar

by | 18. apr 2019 | Informasjon | 1 comment

dølenCARL HENRIK GRØNDAHL: Torsdag 11. april har Dølen eit intervju med den nye leiaren i Fron historielag, Ole Christian Risdal. Intervjuaren, Tor Larsen, skriv at han ser av rekneskapen at salet av Fronsbygdin går litt treigare enn før. Det er feil. Litt meir research og han ville fått med seg at boksalet har aldri vore så bra. Så legg han attpåtil fram ei årsak til det han trur er dårleg sal:

Da er det vel legitimt å spørre om det har noe å gjøre med at dere har en nettside med et voldsomt bildearkiv og Fronsbygdin-artikler som dere gir gratis tilgang til.

«Voldsomt.» Det var nå eit lada ord. Bildearkivet er rikt og godt og omfattande, fordi Vegar Skar har gjort ein framifrå jobb med å skænne bilde som er samla inn. Tor Larsen meiner tydelegvis at historielaget må gjere som Dølen, leggje lokalhistorisk stoff bak ein betalingsmur. Berre medlemmar skal få tilgang til det som finst på denne sida. «Kvam Historiske Forening tar betalt for sin nettside og det de produserer. Bør ikke Fron historielag gjør det samme i denne digitale tidsalder?» spør Tor Larsen. Kva dei gjer i Kvam, er nå ein ting. Det store og gode med «denne digitale tidsalder» er at kunnskap, tankar og idear, forteljingar og historier nå er lett og fritt tilgjengeleg. Wikipedia, bibliotek, bøker, bloggar, Facebook, åpne heimesider. For avisene er dette litt av ei utfordring.

Dei er kommersielle aktørar med eigarar som skal ha ut forteneste. Dei må ha betalingsmurar for å tene pengar. Fron historielag slepp det presset. Laget er ein dugnad for å auke interessa for lokalhistorie, skape identitet. På ein vanleg dag er det omlag 300 lesarar frå 10 nasjonar inne på denne heimesida. På seks år har det vore meir enn 700 000 klikk frå over 100 land! Da må ein tru at denne politikken med «gratis tilgang» har den funksjonen som er tilsikta. Heimesida gjer fronshistoria lett tilgjengeleg over heile verda.

Artiklar frå Fronsbygdin blir først lagt ut her tre år etter at boka har kome ut, og da berre i redigert utdrag. Ettersalet av tre år gamle årbøker er ikkje storslagent, så ein må kunne tru at denne politikken tvert om aukar interessa for årboka. Og for å skrive i ho. Dei aller fleste forfattarane har glede av at artiklane dei skriv, når så mange som mogeleg.

1 Comment

  1. Jan Erik Frithjofsen

    Jeg håper nettsiden kan fortsette på samme måten også i fremtiden. Stor takk til de som står for driften!

Submit a Comment