Laget har nå 845 000 kroner på bok etter 15 år med sal av Fronsbygdin

Ole Christian Risdal og Ellen Steberg.
Eg har lært mykje av deg, sa påtroppande leiar i Fron historielag, Ole Christian Risdal, da han takka avtroppande leiar, Ellen Steberg, som nå går ut av styret etter å ha vore leiar i to år. Også Marit Taarud Kirknes og Rolf Hage vart takka av. Marit Taarud Kirknes har vore ansvarleg for boksalet i fire år, siste året som coach. Rolf Hage har vore leiar for styret i Bygdatunet.

Marit Taarud Kirknes og Rolf Hage
Eit trivleg årsmøte på Dale-Gudbrands gard med bortimot 40 frammøtte valde to nye inn i styret: Ragnhild Wadahl og Marit Haakenstad. Rekneskapen for 2018 syner eit resultat på kr 67 522, og Fron historielag har nå kr 845 500 på bok etter 15 år med produksjon og sal av årboka Fronsbygdin.

Leiar i valnemda, Anders Haugen, med framlegg om nye inn i styre og stell i laget.

Nytt styre i Fron historielag. Frå venstre: Eivind Holen sekretær, Nina Berge Rudi bokansvarleg, Marit Haakenstad styremedlem, Egil Myhre nestleiar, Gunnar Lien styremedlem, Ole Christian Risdal leiar, Åge Hagestuen kasserar. Ragnhild Wadahl var ikkje til stades.
0 Comments