Historia om korleis Kristian fekk namnet «Bikken»

Kristian (født 1900) var son av Erland Amundsen og Mathea Olsdatter i Nedre Skar. Kristian var så uheldig at han fekk ein hjerneskade ved fødselen og kom aldri lenger i utvikling enn ein fireåring. Faren Erland arbeidde ein del på jernbanen, og det hende at Kristian var med faren på arbeid. Framkomstmiddelet etter toglina var dresin av den typen der to menn stod og «pumpa» opp og ned for å få framdrift. Dette var fascinerande for gutungen, og han fann seg ein staur og apa etter dei på dresinen.
Les om ein barndom i Nedre Skar
Yndlingsplassen hans Kristian var oppe på berga, der stod han og vippa stauren opp og ned. Uheldigvis kom han litt for langt ut på kanten og tok overbikken og fall utfor, men stoppa i ei rogn som hadde slått rot i berget straks nedanfor kanten.
Mora såg heldigvis hendinga og kom seg opp den både lange og bratte bakken og fekk med mykje strev berga guten, som hang utover det 50 meter høge stupet
Sidan den dagen vart Kristian heitande «Bikken.»
0 Comments