
Vilhelmina Fredrika Alexandra Anna Lovisa av Nederlandene var gift med svensk-norske kongen Karl XV og vart kront i Trondheim 5. august 1860. På vegen til og frå vart ho altså skyssa av Per Åsmundstad.
PER ÅSMUNDSTAD d.e. (1839-1920): Eg var med dronningskyssen i 1860, da Karl XV fòr gjennom dalen og frøningane var tilsagde å skysse frå Vik i Kvam og nordpå Bræevangen med ein eller to hestar frå kvar gard. Det var reint stygt å sjå når dei store tre- og firspente vognene drog oppover Kjørumslykkjebakkane i Kvam. I hengebratte bakkane laut dei setja eit forspann til.
Frå turen kan eg hugse at dronninga viste seg i hop med hoffdamene sine på verandaen på Vik, men ikkje eit einaste «hurra» vart ropt, sjølv om gardsplassen var full av folk. Det tykte eg var merkeleg, men det var vel eit utslag av dølalynnet?
Det var mykje kop samla, som prøvde å trenge seg fram. Det var eit fælt regnvêr, og gardsplassen var så oppbløytt at dei hadde lagt ut fjøler, så dronninga med følgje kunne ha noko å gå på. Han Anders Vik vart så sint på alle denne kopen og fór rundt og skreik: «Gå unna, døkk må full skjønne at fjølenn er te gå på, itte te å stå på!»
På turen attende frå Trondhjem tok au kongefølgjet vegen gjennom Gudbrandsdalen. Da var eg au med å køyrde. Kongen hadde ein neger med seg. Det vart fortalt at han stappa i pipa åt kongen og heldt ho rein! Slik vart det iallfall skrive i avisene frå Stjørdalshalsen, der kongen var med på ei troppeparade. To soldatar der tok til å slåst, men da dei fekk auga på negeren i raude klede, gav dei seg med slagsmålet, da dei trudde det var Styggen sjølv som var komen der.
Frå Frondbygdin 2012 Publisert her første gong 3. april 2014
0 Comments