Vellukka ope dag på Bygdatunet

Tormod Bråten: Vel 30 interesserte møtte fram laurdag 10. juni, da det vart arrangert ope dag på Fron bygdatun. Inne i husa og rundt borda på tunet gjekk praten lett om dei harde kåra folket som har budd i husa, må ha hatt. Ragnar Tor serverte kaffi frå svartkjelen, medan diskusjonane gjekk om gardar, vegfar og vatningsveiter i finværet. Husflidslaget demonstrert gamle teknikkar med nålebinding og brikkevev, ein teknikk som har røter langt attende i tid. I Osebergskipet vart det funne ein oppspent brikkevev i arbeid, samt fleire tunne trebrikker og ferdige vevde band. Pål Liens smie på Kvam stilte med to smedar, som viste oss dugande handverk. Det vart laga krokar og anna fint smijern attmed den gamle smia, som er det einaste huset som ikkje er fløtt til bygdatunet.

Hvor ligger bygdatunet i Fron (for meg som bor utanbygds)
Brit Lien
Sendt fra E-posthttps://go.microsoft.com/fwlink/?LinkId=550986 for Windows