Dugnadstid

Bli med å gjere det fint på Bygdatunet! Tysdag 28. april frå kl. 18.00 og utover, blir det dugnad på Fron Bygdatun. I følge Ola er det ikkje mykje å rake i år, så vi satsar på å rydde opp litt i fjoset og dei to stabbura i tillegg. Kanskje blir det så bra at vi kan vise fram det som er lagra der på ope dag eller eit liknande arrangement. Ta med rive og bli med på ei triveleg stund i lag.

Loading

0 Comments

Submit a Comment