Skinande reint og strigla

Tysdag samla 12 medlemmar seg til dugnad på Fron Bygdatun. Det vart vaska og pynta i stuggua frå Søre Skogen, hogd nokre tre på røysa, gått gjennom inventar i ymse hus og raka plen fri for lauv og kvistar. Med godt vêr og stor arbeidslyst, gjekk dugnaden unna på eit par timar. Ragnar Tor kokte kaffi på svartkjelen og kringla til Randi smaka fortreffeleg som alltid. Ei triveleg stund vart det, med tullprat og gode historier.

Takk til alle som møtte fram, men det er framleis plass til fleire neste år. Vi håpar mange brukar og set pris på Bygdatunet i sommar, og er du på Sødorptunet og har hug til å ta ein kopp kaffi ute, er det fint å nyta den på Bygdatunet med godt selskap attåt.

Loading

0 Comments

Submit a Comment