Det og fleire spørsmål kan du få svar på om du blir med på markvandring – eller nærare sagt – byvandring gjennom Nedregata på Vinstra sundag 14. juni kl. 12.00.

Vandringa er ope og gratis for alle. Vi startar ved parkeringsplassen nord for Sparebank 1 Gudbrandsdal, rett overfor der Vinstra våpen heldt til i si tid, eller Brødrene Elvestad for dei som hugsar riktig langt attende. Vær venleg å parkere anten sør for sparebanken, eller på plassen mellom Øvregata og Nedregata og gå «Geilen» ned til Sparebanken. Morten Wangen og Bjørn Ulekleiv vil lede oss gjennom Vinstras «gamle sentrum» Nedregata, og fortelja om endringar som har skjedd her dei siste 150 åra. Vi stanar ved bygningar og stadar som fortener å bli framlyfta i «byen vår». Ved kommunehuset blir det ein litt lengre stopp med framsyning av gamle bilde frå Vinstra. Denne framsyninga vil starte ca. kl. 12.30 og varer 20-30 minutt. Det er mogleg å berre delta på framsyninga, for dei som vil det. Vi fortsett så vidare sørover og ender opp på Fron bygdatun, der vi avsluttar med kaffi og «bite-ti». Vel møtt!

![]()

0 Comments