Vellykka byvandring

Godt og vel 100 historieinteresserte møtte fram til byvandring i Nedregata sundag, noko som truleg er ny rekord for markvandringane våre. Morten Wangen og Bjørn Ulekleiv losa oss gjennom ei historisk vandring med hovudvekt på Vinstras utvikling på 1960-70 talet. Trond Slåen fortalde om Sparebankens historie, utvikling og betydning for lokalsamfunnet, mens Wenche Hvattum fortalde om eigendommane til familien Jevne og virksamheita som har vore drive der.

Vi gjekk så opp i kommunestyresalen og fekk ei framifrå bildeframsyning som Morten Wangen hadde laga. Her var det samla mykje gode bilde frå ymse tidsepokar i Nedregata.

Etter ein drug halvtime fortsette ferda sørover og ved «Urmakar Berge» fekk vi historier både frå Anton Berge og Halfdan Haanshus. Bjørn Ulekleiv fortalde om Vinstra samvirkelag og korleis dei utvikla mykje av det som var Vinstra sentrum på 60-70 talet.

Så var det stopp ved Pettersens kafé, der vi fekk servert mange gode historier frå den tida kafeen vart drive. I fleire år var dette eitt av dei store knutepunkta for langtransportnæringa gjennom Gudbrandsdalen.

Til slutt enda vi opp på Sødorp Gjestgivergård, der det vart servert kaffi og kaker til alle som var med. Stor takk til Morten og Bjørn som la til rette for denne historiske vandringa og alle som bidrog med historier og kommentarar.

Nedanfor ligg presentasjonen frå kommunestyresalen i pdf-format. For best resultat løner det seg å laste ned presentasjonen og opne den i ei ny fane.

Loading

0 Comments

Submit a Comment