Vis-Knut trong ikkje lesa dei
ANDREAS AUSTLID: I midten av 70 åra tala eg ved Vis-Knut. Han låg på senga og røykte og fortalde meg at han fekk brev like frå Kalifornia. Dei vilde vita kvar dei skulde grava etter gull.
Knut: Døm kan gråva hår døm vil for meg. Det er ikkje sagt det er til gagn for døm um døm finn det heller. Eg les ikkje slike brev eg no lenger, eg kastar døm på varmen.
Eg: Men kjære, korleis kan du vita kva som står i desse brevom når du ikke les dei da?
Knut: Eg høyrer det eg, ser du. Eg legg brevet åt øyra, og da høyrer eg hå som står.
Eg: Nei, nå har eg aldri høyrt maken; du er nok åleine um dette du.
Knut: Å nei da, eg er berre som du og mange andre Døkk har såmå evnone, døkk som eg. Men døkk har forsømt døm, så døm ikkje fær vekse, å, vi tufse oss mykje burt med mat og drikke og klæde og alt dette ytre, måta. Men eg vart driven med sjukdom eg, så eg nøyddest til å snu augo mine innover inn i meg sjølv; og det er Gud å takke og ikkje meg, at eg vart slik. Men jad’n var det tungt au ofte, da eg var ung. Det var to røyster, måta, og den eine vilde narre meg; og døm var så like einannan at eg, stakkaren, ikkje greidde å skilja åt. Men så sa eg den vonde frå meg. Og no skal han ha takk. No kjem han ikkje meir, for no veit han at det nyttar ikkje heller, – eg kjenner fanten no.
Del brende seg inn i meg desse orda hans Knut.
Dovre, 23. oktober 1917.
Frå galactic.no
.
0 Comments