CARL HENRIK GRØNDAHL: Vinternatt utpå nyåret 1980. To unggutar står ute på Prestegardstunet. Da ser dei det. Sterkt, flakkande lysskjær over Tofte. Brann, tenkjer dei vel og kjem seg opp Nordre Lia. Det er Hyggen som brenn, det vesle huset til Annie Balchen. Ho blir funne i snøen, har kome seg ut med brannsår i svidd nattkjole. Hunden Vicki og katta tok seg inn att i elden og vart borte. På sjukehuset i Lillehammer søkk ho ned i ei verd som berre er hennar og kjenner ikkje att dei som kjem for å sjå til henne. Året etter døyr ho, 77 år gamal.
Fire år tidlegare står eit intervju med henne i Gudbrandsdølen: «En fjellets dronning gir seg etter 35 år». For alle som har vore rundt på Fronsfjellet dei siste 30 åra, skriv journalisten, vil Annie Balchen på Veidarvon vere eit namn med kjær klang. «Den aldrende dame som nå trekker seg tilbake, har et begivenhetsrikt liv bak seg.» Ja, men ikkje slik ein lett kan tru. Ho var ei sterk kvinne, sjølvrådig, og livet tok hardt i henne. Kan hende vart ho aldri heilt ven med tilværet, Annie Balchen. Å sjå inn i livsferda hennar er å sjå ein lagnad som gjer oss stille og undrande. Dette er eit forsøk på å reise ein minnestein.
Kate og Hjalmar Balchen
Hjalmar Balchen heiter ein mann. Han er fødd i 1877 og veks opp på Schafteløkken ved Frogner i Christiania, der far hans starta den første skulen for døve i Noreg. Hjalmar utdannar seg til agronom og må ha vore sparsom og flink med pengar, for han handlar til seg Rud gard i Bærum. Men han tar eit val han må ha angra på. Det er denne kjærleiken. Han treffer ei fem år eldre jente frå Høvik og giftar seg med henne i 1903. Det vart aldri noko ekteskap. Ho heiter Kate Sørensen og er ikkje som folk flest. Ho hadde vore ei guttejente som reid. Det vert fortald at ho var den første kvinna i Noreg satt på skrev over hesten i mannesal. Ho skaut med børse og brukte kjeft utan for mange hemningar. Men alltid med stil som ei engelsk lady. Kate er dotter av trelasthandlar, grosserar, konsul og gründer Johan Sørensen, (sjå artikkel om han her på denne heimesida) som kjøpte seg jord i Fron og bygde Veidarvon og sanatorier på Lauvåsen og Tofte. Hjalmar Balchen gifta seg inn i ei slekt med kraft og temperament.
Sørensen var ven med Bjørnstjerne Bjørnson, og under bryllupet i 1903 skal diktarhovdingen ha deklamert: «I dag er Hjalmar Balchen Norges modigste mann.» Ho er 31, han er 26, og det kan vel vere at motet svikta han, for etter at dei har fått dottera Annie i 1904 og sonen Fridtjof i 1907, stryk Hjalmar Balchen til Amerika. Planar om store jordbruksprosjekt var grunngjevinga.
Fristad på fjellet
Annie Balchen veks altså opp saman med bror sin på Rud gard i Bærum med ein fjern far som oppdrar ungane i brev frå Amerika, og ei mor som var både ustyrleg og forfina og neppe ein trygg famn.
I feriane er Annie Balchen på Tofte-sanatoriet, på Lauvåsen og på Veidarvon hos mormor og morfar, den gamle grosseraren og kona hans, tysk-engelske Anna Dick. Mykje kan tyde på at Annie fann ein slags fristad her. Ho fekk i alle fall hug for fjellet. 14 år gamal, i 1918, skriv ho heim til mora i Bærum at ho «har det svært hyggelig. Det er ingen gjæster her og bedstepappa er svært kjæk. Han hadde sit søte fjæs på. Bedste er søt, men masete.»
Annie Balchen får seg god utdanning. Ho blir jordmor i 1928 og tar praksis ein vinter i Tyskland.
Så kjem det første lagnadstunge valet. Det er denne kjærleiken. Til sanatoriet på Tofte kjem det ein restaurantmusikar, ein fiolinist, for å underhalde og spele til dans. Han heiter Gerhard Jost, og Annie forelskar seg. Han har vore gift før og har ei dotter. Dei giftar seg i 1930. Vi får tru at dei første åra er gode. Det einaste barnet, Synnøve, kjem i 1933. Dei bur i Oslo. Annie er aktiv og driv folkeopplysning på skular og i Kringkastingen: «Praktisk barsel og spedbarnpleie. Lidet kursus for mødre på landet.»
Så kjem slekta inn og formar livet hennar. Historia er truleg slik: Kate Balchen satt altså aleine med ungane og Rud gard medan Hjalmar Balchen dreiv med sitt i USA. Etter at gamle grosseraren, far hennar, døydde i 1918 og mora i 1921, fekk ho verkeleg store verdiar å rå med, Aktieselskapet Tofte gaard og sanatorier. Det er godt dokumentert at Kate Balchen ikkje hadde vett på pengar. Hjalmar Balchen skal ha fortald at dei ein gong berre hadde fem kroner å kjøpe mat for, så fekk ho sjå ein porselenshund i eit utstillingsvindauge og kjøpte han i staden. Fleire hevdar at ho søla bort arven. Aksjeselskapet går konkurs. Alle verdiane forsvinn. Kan hende var det da Hjalmar Balchen fann ut at han måtte kome seg heim. Soga fortel at uår på prærien øydela heile prosjektet hans, og at han måtte ta seg jobb hos Ford for å tene til båtbilletten over havet. Heime skal han ha funne ut at Rud gard var så nedsylta i gjeld at han hadde lite anna å gjere enn å selgje. Kan hende har han skjøna at dersom han og Kate hadde fungert saman, dersom han hadde vore heime og tatt ansvar for eigen gard og verdiane etter svigerfar sin, kunne stoda vore ei heilt anna for familien. Sonen Fridtjof sa det seinare: ”Hadde jeg hatt ordenssansen til far og pågangsmotet til mor, kunne det blitt noe.”
Hjalmar kjem som ein lagnad
Kan hende er det dårleg samvit som driv Hjalmar Balchen når han no handlar til seg nokre av svigerfar Sørensen sine eigedomar frå konkursbuet: Sanatoriet på Tofte, som blir Høilidshotell, og seterstua Veidarvon. Det er vel ikkje uvanleg at fjerne fedre kjøper ting til ungane sine for å gjere opp for seg. Hjalmar Balchen gjorde det til gagns, men så hadde han ôg mykje fråvær å bøte for. Sonen Fridtjof var i starten på 20-åra og fekk brått det digre, upraktiske og tungdrevne Tofte-hotellet til bestefar sin kasta på seg. Det skulle han styre saman med mora, som knapt egna seg til den slags. Hjalmar støttar ikkje sonen sin. Han flyttar ikkje saman med familien, men tar seg jobb som vaktmeister i Grubernes Sprængstofindustri på Ski. Han kjem som ein lagnad og stikk av påny.
Det dårlige samvitet hans vart neppe til rein velsigning for de to ungane. Tvert om.
Annie Jost sat i Oslo og må ha undra seg på kva plass det var for henne i desse omskiftingane. Ho ber ein slektning om råd og får til svar at hotellet på Tofte ikkje har så stor verdi «grunnet en kanskje mindre heldig økonomisk ledelse.» Derfor – om Annie «frykter fortsatt slett resultat av driften på Tofte, og derfor helst vil skille din økonomi fra stellet der oppe så hurtig som mulig, kan det være fornuftig av dig heller straks å nøie dig med det mindre, sikre Veidarvon enn med det store, usikre Tofte.»
Kva som enn kan ha gått føre seg, skriv Hjalmar Balchen eit gåvebrev den 26. oktober 1931, der han «bemerker at min sønn Fridtjof Balchen har fått penger av mig til driften av Tofte og til sin utdannelse, hvorfor jeg har ansett det riktig at min datter får nærværende gave: mine eiedomme Jægerhytten (Veidarvon), Skjærvangen samt Utistugu-Skjærvangen.»
Det vart ei lagnadstung gåve. Det er mest som ein er huga på å rope til Annie Jost der ho sit i Oslo med ei nyfødt dotter og ein mann som spelar fele og ikkje er esla til å vere handverkar, gardbrukar eller bestyrar: Ikkje la den burtkomne faderen styre ditt liv ôg!
Men ho gjer det. Jordmora og musikaren flyttar inn på fjellet med ei lita jente for å lage seg levebrød av ei jakthytte med tre stover, kjøkken og fire soverom, der dei kan tene pengar på å leige ut to-tre månader om sommaren og ti dagar i påska. Skjøna dei det ikkje sjølv, må da nokon ha kviskra til dei at dei valde seg eit liv i armod og stride dagar. Dei seier at fiolinisten ikkje tok så mange strøk på fela etter det. Familien er innsnødd om vinteren, ikkje ein gong mogeleg å ta seg fram med hest og slede når vêret står på. Annie Balchen fortalde om ein gong ho skulle gå fem meter over tunet for å mate grisen. Det var ikkje mogeleg å kome seg ut. Først utpå natta løya det litt. Da ho kom inn att, sto kåpa av seg sjølv på golvet.
Kvifor gjer ho det? Det er den store gåta. Kan hende var det på fjellet ho hadde vore lykkeleg i barndomen. Var det ein slags lojalitet til slekta: ta vare på restane av det store og gilde som hadde vore? Var det romantikk? Hadde dei sine første kjærleiksmøte på Veidarvon og lada seterstova med lidenskap og søte draumar?
Dei får seg brevark, stempel og kontakt med resten av verda. I 1935 skriv Gerhard Jost kontrakt med Jørgen Tofte, som «forplikter sig herved til at oprette telefonstolper mellom Veidarvon Seterstue og Hovden efter nærmere opstikning av linjen. Kr 3,50 pr stolpe.» (tilsvarar kr 100 i dag.) Dei skjønar vel raskt at dei ikkje kan leve av å leige ut to-tre soverom. Dei tar opp lån, m.a. frå eit legat oppretta av søstera til Anna Dick, som ôg flytta til Noreg: «Mary Dicks legat for udslitte husmødre.» I 1939 står Veidarvon ferdig slik bygninga er i dag. Med 13 soverom om ein nyttar alt som nyttast kan. Moderne med varmt og kaldt vatn på alle rom, vassklosett og sentralfyr, først fyrt med torv, seinare med koks. Men ikkje elektrisitet. Det skulle gå eit kvart århundre før Annie Balchen tok seg råd til det. Ein branntakst frå januar 1940 fortel at eigedomen no er verd kr 51 050 (tilsvarar kr 1,2 mill i dag). Dei har investert. No kan gjestene kome.
Men det er krigen som kjem. Og før året er gått, brenn Tofte Høilidshotell og forsvinn ut av soga. «Åsså all den gode brusen!» seier sju år gamle Synnøve Jost.
Ekteskapet ryk
No tar dei til å rase ned over Annie Balchen Jost, dei vala ho har tatt. 14. mai 1941 «ser hun sig nødsaget til å søke en ordning med sine kreditorer». Gjelda er på kr 22 000 pluss renter. (kr 503 000 i dag.) Kr 18 000 av dei er ikkje sikra i pant. Annie Jost tilbyr kreditorane 40% av gjelda. Ho lånar av far, mor og bror. «Men fru Jost ber mig fremholde, at hun vil efterbetale de resterende 60% så snart hun kan og vil gjøre sitt ytterste for å greie dette.»
Ho sett seg ikkje i ein lett posisjon, for det er meir som ryk no. Ekteskapet ôg. Advokaten skriv seinare: «Hun har under hele ekteskapet måtte trekke så å si hele lasset på Veidarvon. Det må ha vært et forferdelig slit, som tilslutt har uttømt hennes reserver og ført til hennes beslutning.»
Så lagar ho ein avtale med Gerhard Jost. På ny vil ein rope til henne: Kva er det du tenkjer på! Straffe han, er det det du vil? Fiolinisten som går på Veidarvon med slikeskjerf og lakksko og bidrar til drift og vedlikehald ved å måle krussedullar på karmar og senger, han skal no drive aleine og betale ned gjeld? Javisst. 13. oktober 1941 underteiknar dei ein avtale:
Fru Jost overdrar til herr Jost sin bedrift på Veidarvon seterstue, idet herr Jost leier eiendommen med alt innbo, utstyr og inventar som nu finnes der og benyttes i bedriften. Undtatt er eiendommens besetning, fjøs, seterrett og kve, som skal disponeres av fru Jost og ikke inngår i leien. Herr Josts leie av Veidarvon seterstue gjelder for hans levetid, såfremt han ikke misligholder denne avtale. Fra herr Josts side kan leieavtalen oppsies med 1 års varsel. Den gjeld, som ikke er sikret ved pant, er ordnet ved en akkord på 40% Akkorden er oppfylt i disse dager. Resten betales av herr Jost som vederlag for hans overtagelse av bedriften. Fru Jost har rett til årlig å kontrollere at vedlikeholdet er godt og forsvarlig av eiendom og inventar.
Det måtte sjølvsagt gå gale, gi mat til advokatar og ende i rettssalen.
Tre generasjonar i Hyggen
Annie Balchen og åtte år gamle Synnøve tar med seg dokkehuset frå Veidarvon og flyttar ned i den knøttlille stova på Tofte, som Sørensen ga det borgarlege namnet Hyggen. Klufta heitte ho da Berte Kluften budde her og var vaktmeister på skulen. På 30-talet var Hyggen legatbustad m.a. for jødiske flyktningar. Kate Balchen flytta hit da tyske offiserar overtok hotellet i 1940. No får ho selskap på dei 30 kvadratmetrane.
Men så kjem den gode Hjalmar Balchen inn att i soga som ein Peer Gynt. Etter 40 år tuskar han seg heimatt til familien. Han har vore på Tofte-hotellet i feriane sine før krigen. Etter krigen er han pensjonist og flyttar frå Ski. Hotellet finst ikkje lenger, så han leiger seg eit par rom i føderådsbygningen på Nigard Tofte. Kvar middag ruslar han opp bakken til Hyggen, til Annie, Synnøve og Kate, den kona han reiste frå, men aldri skilde seg frå. Men Kate Balchen er nok inga Solveig med varm tilgjeving. Tvert om. Han skal ha sagt: «Er jeg gal, så er det du som har gjort meg til det!” Dei skulle spenne for den blakke hesten Pirill og hente Kate. Hesten skaka på seg. ”Ja, du kan sannelig riste på hue”, sa Hjalmar.
Men han kjøper Heimly lenger nede i lia og flyttar dit med kone, dotter og barnebarn. Lenge har dei ikkje glede av det husværet. Alderen herjar hardt og fort med Hjalmar Balchen sitt medvit. Dei siste leveåra sine er han på Blakstad sjukehus, der han døyr i 1950. Ein underleg lagnad, det ôg.
Tre generasjonar kvinner må selje Heimly. Dei er tilbake i Hyggen. Det er lite att. Men Annie arvar i alle fall faren sin gamle Opel, som skulle følge henne nesten som ei relikvie lenger enn nokon kunne tru.
Det er litt av eit bilete, desse tre. Skylla i land etter forlis. Hyggen har tre mål jord og er ikkje ein gong eit småbruk. Dei har 7-8 sauer, to grisar, ei ku og ein hest, høner og kaninar. Dei må kjøpe fôr til dyra. Det er stort sett naturalhushaldning. I 1953 skriv Annie Balchen brev til ”Herr lensmann i Sør Fron. Sender i dag restbeløpet for siste års skatt til herredskontoret. Vil gjerne få attest for at hesten ikke er pantsatt lenger.»
Men i alt dette held dei fast på klasse og danning. Dei lever i ei anna verd enn slitarane på Tofte. Kva som blir sagt bak ryggen på dei, er ein ting, men dei får respekt som om dei framleis skulle levd i rikdomen. Dei fine i bygda kjem hit i stasleg kjøredoning til kultiverte middagar i den knøttvesle stova. Annie Balchen snakkar prydeleg riksmål med fornem skarre-r. Mora Kate får ikkje lenger utfalde seg med språka sine. Ho pratar høgt med seg sjølv, helst på engelsk, eller med den spraglete, brune høna si, Petronelle, som sat på skuldra hennar framfor spegelen. «Hadde jeg ikke hatt sprogene så!» sa ho ein gong. -She was a lady, sjølv når ho var sinna, og engelsken hennes var absolutt the Queen’s, fortel Per Tofte. Da han gjekk på gymnaset og seinare blei student, helste ho han med «Bon jour, monsieur le marquis!» Ho er aparte med stil og bur nærmast i eksil, går ikkje utanfor porten på Hyggen. Dei siste åra sit ho i rullestol, klår i hovudet. Budeia Janna kjem med ei gåve til fødselsdagen hennar. Ho blir kasta ut. Kate vil ikkje ha gåva. Det var ein tallerken med bilete av kong Håkon, og Janna sa: ”Her er ein som ventar på deg.”
Kate Sørensen vart fødd i London og veks opp i ein internasjonal heim i eit digert hus på Høvik utanfor Oslo, der datidas kjendisar var gjester. No har ho knapt nåla i veggen og er skuld i det sjølv. Livet i Hyggen var nok eit drygt og nedverdigande stykke unna dei draumane ho må ha hatt. Men ho er og blir den ho var. Ho døyr utpå våren 1966, 94 år gamal.
Barnebarnet Synnøve Jost veks opp til ei ung kvinne som ser godt og skriv godt. Dette brevet, skrive til mora på Oslo-tur i 1956, gir eit frydefullt portrett av tre generasjonar i Hyggen, særleg mormora Kate:
Det går ganske bra, men som du vet, den godeste innehaver av dette palass får sine fikse ideer som en kan bli gal av. F.eks at Ben (sønnen til Fridtjof studerte i Tyskland) ligger begravet under et snøras i Alpene, og at myndighetene i Los Angeles sikkert sender feil aske slik at hun får urnen med et helt annet lik enn Henrys (bror til Kate bodde i USA og døde der). Jeg tillot meg å si at det fikk da være måte på å male faen på veggen, hvorpå: ”Det er vel ingen som er mer optimistisk enn jeg, men faktum est faktum”, hummerrød, dunk, pang med døra, snublet i et tonn katter og skyldte på Gråpus som jaktet på låven. ”Dear me,” og prump på pottestolen og så var alt bra igjen, ”for you see, the stomach, hm, uhm.” Av og til ser jeg virkelig humoren i det, men det er anstrengende. For din egen skyld må du bli lenge i byen, og for min skyld må du komme fort igjen.
Over hovudet på dei kviler minne frå det som var. På det vesle loftet ligg tropehjelmen og ridedrakta til grosseraren, ferdakista hans, alle bøkene han ga ut på forlaget sitt, bilete av boktrilla han skapte brudulje med. Her er dei fine utanlandske kjolane til Kate S. Balchen. Og framfor alt: her er jordmorkofferten til Annie Balchen. Det hender ho tar imot ungar, og det fins framleis frøningar som møtte verda i hendene hennar. Men av ei eller anna årsak vil ho ikke vere jordmor. Det er som om valet av utdanning også er noko ho angrar på.
Jost og frk Svendsen
Gerhard Jost har betre plass der han bur på Veidarvon fram til 1950. Han skal ha vore ein sjarmerande og omgjengeleg kar og fekk snart selskap av frk Svendsen. Kva dei levde av gjennom krigsvintrane? Tørka bær og sopp, seier folk. Ragnhild Svendsen var ihuga sankar av alt som sankast kunne på fjellet. Alltid venleg og sterk til å halde smilen oppe saman med den lunefulle Gerhard Jost. Når bønder var til fjells med hest og slede for å ta ned vinterfôr, slapp dei å fyre opp på setrene når dei åt nista på Veidarvon og delte det dei hadde med Svendsen og Jost. Ved? Han brente hesjestaur. Det vart visstnok freista på å tømre eit sel på Toftesetra under krigen. Også der fann Gerhard Jost veden sin. Men driv han Veidarvon? Tener han pengar? Betalar han gjeld? Nei. Etter to år vil Annie seie opp kontrakten «for å redde det som reddes kan». Advokaten hennar skriv til Gerhard Jost:
Det er uheldig at De ikke fikk istand drift siste sommer. Og for en utenforstående iallfall ser det ut som om De intetsomhelst har foretatt Dem for å få driften i gang. Det er ingen utsikt til at det vil bli annerledes til sommeren heller. Verre – og helt avgjørende for den juridiske bedømmelse – er imidlertid Deres holdning i spørsmålet om Deres ansvar for lån.
Mary Dicks legat krev auksjon. Her er litt humor i alt det elendige. Legatet sette pengar i Veidarvon for å kunne sende «utslitte husmødre» dit. Pensjonsprisen var betaling av renter. Etter at Gerhard Jost tok over, slutta legatet å sende damer og ville i staden ha renta i pengar. Jost hevda at legatet var forplikta til å sende han damer og klaga Annie Balchen for at ho ikkje hadde gripe inn.
Men framfor alt er det ei vond skilsmisse med bitre anklagar, mistru og stygg krangel om barnet. Advokatar fører krigen:
Ethvert besøk av Synnøve på Veidarvon er betinget av at der er pålitelig voksen, kvinnelig hjelp på stedet. Herr Jost reagerer nemlig abnormt både under tordenvær og lenge før været setter inn. Han er syk, nedbrutt og hysterisk og klamrer sig kallsvettende og redselsslagen til den person som er tilstede o.s.v.
Gerhard Jost sine svar har vi ikkje, men han beit vel att så godt han kunne. Han nekta Annie å inspisere Veidarvon. Frykta at ho skulle ta med seg lausøyre. Ho hadde nemleg vore der sommaren 1948 saman med lensmann og Aksel Falkenhaug og funne råte tak og knuste vindauge. Ho vil ha han ut. Han nektar. Det blir forliksmekling. Ingen gir seg. Ho saksøkjer han. Ho «er for tiden uten arbeid og ønsker derfor å komme igang igjen på Veidarvon.» Ei jordmor utan arbeid? Sør-Gudbrandsdal herredsrett vert sett 13. juni 1950. Gerhard Jost har ikkje pengar til advokat og prosederer saka sjølv. Han har ikkje halde sin del av avtalen? Det trong han ikkje, for «Annie Balchen har lagt slike vanskeligheter i veien for hans drift av Veidarvon at hun har misligholdt den forutsetning som var grunnlag for avtalen.» Retten let seg ikkje sjarmere. «Dom: Saksøkte Gerhard Jost fraflytter og tilbakeleverer fru Annie Balchen eiendommen Veidarvon Seterstue med alt inventar, derunder båter og fiskeredskaper, utbedrer skader på tak, innsetter nytt vannklosett og nye vindusruter og betaler Annie Balchens saksomkostninger med kr 400.» (kr 6400 i dag). Gerhard Jost og Ragnhild Svendsen drar visstnok til eit langt betre liv i Horten.
Ved korsvegen att
No er Annie Balchen 46 år gamal og har kjempa seg gjennom konsekvensane av lagnadsformande val ho tok i ungdomen. No står ho ved korsvegen att. Tilbod kjem ganske raskt. I januar 1951 skriv ein hotellmann at ”Veidarvon seterstue har visstnok ikke vært i drift i den senere tid. Ifall De har tenkt å overdra stedet, er jeg meget interessert.» Og no er det fleire som ropar til henne. På nyåret 1953 skriv ein onkel at det ville glede han «om du kunne fortelle meg at Veidarvon har gått med overskudd og virkelig kastet noe av seg etter at alle ugifter er betalt, herunder også nedsliting av Hjalmars gamle bil, som vel nu må være på hellingen av sine leveår.» Overskot? Annie Balchen klarar ikkje ein gong betale skatten.
Selj! skriv onkelen. «Ingen av dere er skåret til å stelle med penger og forretninger», skriv ein annan to år seinare. «Derfor blir det ”viel Geschrei und wenig Wolle». Altid – helt fra mamma Balchens overtagelse deroppe. Så en fast gagert post vil nok sikkert passe dig allerbest. Og så er det da å be om at Veidarvon måtte komme i like villige og lykkeligere hender enn dine – som sliter sig til blods stadig.»
Kva gjer Annie Balchen? Har dei ti åra frå 1940 vore harde, vert det verre for ho, det tiåret som no kjem. Det er som om ho blir kasta att og fram og eigentleg ikkje tar noko val.
For det første: Ho vil selje Veidarvon. Det finst fleire udaterte annonseutkast:
Fjeldsted i Gudbrandsdalen, vakkert bel. har vært drevet som pensionat, utmerket skikket som rummelig privatsted eller for forening. Vann innlagt, centralfyr, bad, vannklosetter. Selges for prisnemdens takst. Henv. h.r.advokat Wellén, Akersgt. 18, Oslo.
Ho sel ikkje, truleg fordi ingen vil kjøpe. I 1959 kjem brev frå ein advokat på Eidsvoll: ”Da jeg ikke har hørt fra dem som har besiktiget eiendommen, går jeg ut fra at de interesserte har trukket seg foreløpig.”
I 1962 prøver ho på å få leigd bort til eit firma i London. Gjennom Hotell- og turisdirektoratet får ho melding om at ”The Hon. Broke A. Evans vil ha elektrisk kraft. Etter dette synes Veidarvon ikke å passe i hans planer.”
For det andre vil ho gjere det motsette av å selje: bygge ut Veidarvon. Det finst fleire utkast. Ei Oslo-dame kjem med planar i 1957 om to etasjar over det heile og eit tun. Seinare får Annie Balchen utarbeidd langt meir omfattande teikningar av digre påbygg. Det vert til og med grave ut noko som i dag er ein plen på Veidarvon. Men det er berre draumar. Ho har ikkje pengar.
Og for det tredje søkjer ho seg jobb. Men ikkje som jordmor: ”Herved tillater jeg meg å søke den ledig stilling som husmor og kokke ved Deres internat.” Ved ein yrkesskule på Sørlandet i 1957. Får ho ikkje jobben? Tar ho den ikkje? Var det ei for radikal endring?
Innimellom alt dette driv ho Veidarvon i sesongen. Kan hende kjem det litt optimisme med opninga av Peer Gynt-vegen i 1956. Det er ingen tvil om at ho er flink, sparsommeleg (”ikke for mye grønnsåpe i vannet”) og godt likt, Annie Balchen. Det må ha vore mykje mat for sjølvkjensla i brev frå beste vestkant i Oslo, der gjestar i 1955 takkar varmt «for Deres gode stell og for Deres altid like strålende smil» og skriv at fra «første øieblikk blev jeg innfanget av Deres store charme og sterke personlighet og mer og mer imponert blev jeg over alt hvad De presterer.» «Frk Hansen og jeg sa: ”Fru Balchen er alt for god til å slite sig ut på denne måten for andre mennesker”, og der er sandt og visst! Deres personlighet bærer stedet, det er ikke tomme fraser, men sandt!» Ein kan jo undrast. Hadde det vore ei landsens kvinne som dreiv Veidarvon og ikkje ei deklassert frue frå Bærum, ville dei da ha skrive slikt? Dette syner vel berre at saman med urbane gjester var ho mellom sine eigne og utfalda seg som vertinne i eit stort hus.
Men det finst andre kvinnfolk ôg. Annie Balchen skriv til ein sokneprest i Oslo at no må han ta seg av sine får, for ei gamal, tussete dame med hund i ein pose over armen vert kasta frå Fagerhøi til Lauvåsen til Wadahl før ho får plass i herberget hos Annie:
Hun ser dårlig, kan ikke finde frem til sit eget rom eller toilet. Hun virker meget nervøs, til dels uklar, hun snakker folk i svime og er dessuten omgitt av en personlig urenslig lukt som trotser alle beskrivelser, og hennes værelse så fryktelig ut – bare efter denne ene natt. Ansvarlig mennesker må kontrollerer at både hun selv og hunden får tilstrekkelig mat og stell og ikke blir kasteball fra hotell til hotell.
Så kjem det første virkeleg store slaget, der glede vert vrengt om til djup sorg. Synnøve giftar seg med Olaf Grieg, ein forstmann, og dei flyttar til Vestlandet. 12. april 1957 blir Annie Balchen mormor. Erling Grieg er fødd. Lykka er kort. Sommaren 1959 kosar Synnøve seg på Veidarvon med guten sin. Ho er høggravid med nummer to og vaskar golv. Da blir ho dårleg. I bilen til Lillehammer sit Annie med hovudet hennar i fanget. Det er hjernebløding. Synnøve døyr.
Annie mistar det einaste barnet sitt. Erling mistar mora. Ein kjem aldri over slikt. Etterpå står mjølkebilen på Veidarvon med masse blomar til Annie. ”Og her kjem sorga veltan’ ”, seier budeia Janna.
Guds vilje
Annie Balchen er 55 år og blir brått gamal. Synnøve var det ho hadde. Alt er kasta om. Framtida finst ikkje lenger. Det kan ein sjå av eit brev ho skriv i november 1960. Det er like før ho sel Veidarvon:
Jeg har nu tenkt over salg eller ikke salg av Veidarvon og er kommet til et slags resultat. Lyst til å selge har jeg ikke, heller ikke er jeg nødt til det, men engang må jeg forlate stedet allikevel – ifølge naturens orden – og da kan det kanskje være klokt å ordne opp for seg selv mens man enda er i vigør. Alle ting tatt i betraktning kan jeg ikke selge under 150.000 (1,5 mill kr i dag) og det vil De nok forstå? Andre mener også dette. De nevnte vist 120.000, ikke sant?
Det blir ikkje sal. Kvifor veit vi ikkje. I staden sel ho vatnet Skjervangen til lensmann Syver Robøle for kr 30 000. (kr 300 000 i dag.) Det er årsaka til at ungt folk kallar det ”Lensmannsvatnet”. Kan hende brukar Annie Balchen pengane til å bygge ut Hyggen.
Ho må ha streva med meining og Guds vilje, Annie Balchen, for ho var kristen og rekna med at alt ordna seg med hjelp ovanfrå. Ho hadde vore med i Oxford-bevegelsen, seinare Moralsk Opprustning (MRA), ei høgkyrkjeleg rørsle som sto sterkt før og etter krigen. Ho vil omvende nevøen Ben og held han med avisa Vårt Land medan han studerer i Tyskland. Andre misjonærar vil ho ikkje ha. Det kjem ein kar frå Jehovas vitner. ”Vi hadde ett Jehovas vitne her på jorden, og det var Jesus Kristus, og der er døren du kom inn, og der går du ut.”
Det går bra så lenge Gud er samd med Annie, sa folk. Ein må tru at det har vore hardare kampar inne i henne. Og når alt syntest umogeleg, sa ho med eit fortvila, sjølvironisk smil: «Jeg stakkars uskyldige menneske, hva galt har jeg gjort?» Kan hende finn ho eit slags bønesvar i det som no hender, for frå 1965 kjem det som må ha vore ti lykkelege år i livet hennar.
For det første får ho framtida tilbake. Dottersonen Erling kjem og bur hos henne. Skadd og med katastrofen som ein kime i seg riktignok, men det er slikt ein veit i ettertid. Det hadde ikkje vore berre lett for Annie å få kontakt med barnebarnet sitt i åra etter at Synnøve døydde. Olaf Grieg satt att med ein toåring og gifta seg påny. I den heimen fekk Erling ein barndom som i dag hadde vore ei sak for barnevernet. Når guten kjem til Hyggen, kan ikkje han og Annie ete i lag med andre, for han er åtte år og kastar maten kring seg. Det er turbulent, men Annie knyttar han til seg og vil gje han den kjærleiken han hadde vore nekta. Erling får eit soverom i det som er bygd på. Sjølv søv ho i bestestua i ei høg og brei seng.
For det andre får Annie Balchen på sett og vis ei ny dotter i 1965. Ho hadde helst danske jenter til å stelle på Veidarvon og fekk ord på seg for å vakte dei vel. Dei var redde for henne, friarane frå bygda. Cita Jensen trivs så vel at ho får med seg kjærasten Poul frå Danmark. Annie held byllup for dei på Veidarvon, og dei flyttar inn i eldhuset på Hyggen, eit husvære nokon truleg ville meld til sosialsjefen i dag. Men dei er lykkelege, og skuret vert døypt Villa Jensen. Annie har fått seg familie og partnarar i å drive Veidarvon.
For det tredje kjem det omsider straum på Veidarvon. Det må ha vore ein revolusjon. Før 1965 fekk gjestane med seg stearinlys på rommet. Det vart mange sotsvidde tak og vindaugskarmar. Da straumen kom, ville ho ha stil og samla hestesko på vidda. Dei fekk ho sveisa saman to og to i vinkel til lamper. Det er 14 av dei på Veidarvon. Gleda over elektrisk komfyr var stor. No er det glanstid i den gamle jakthytta til grosseraren:
Ei veke før påske kjem det lastebil til Hyggen. Der lesser dei på frå eige slakt. Så ned til Nustad, butikken, for å hente tinga varar, til Svendsens bakeri for å hente brød, til ysteriet for ost og mjølk, eit spann på 50 liter. Så opp til Gålå, der Martin Hovind står klar, og alt blir lempa over på wieselen. Den kjører berre på veg der det er kjørt før, så ved øvste avkjøringa frå Peer Gynt-vegen til Veidarvon er det berre å lesse av. Alt blir trekt opp og inn på skikjelke. – Det må ha vore litt av eit syn, seier Cita Jensen, to danskar som ikkje har gått på ski før, baksar med eit 50 liters mjølkespann innetter vidda. Annie Balchen er ikkje berre praktisk. Ferskvare måtte dei ha, men tørrmaten kunne vore kjørt opp med bil om hausten.
Opp klokka seks og ferdig med stellet halv elleve på kvelden. Annie Balchen lagar maten til 30 gjester. Tre rettar med kaffe og krumkaker, som ho bakar sjølv. Rømmevaflane gjorde henne namngjeten. Oppskrifta var hellig og hemmeleg. Sjølve varemerket var matpapir som ho klipte til i mønster under vaflane. Ho slit og strevar, men litt av velstandsutviklinga når omsider henne ôg.
Slik gjekk dei gode åra. Artikkelforfattaren feira bryllup på Veidarvon sommaren 1969 og går god for stil og stemning. Annie Balchen stortrivst på fjellet. Ho er den første opp om våren og den siste ned om hausten. Ho får jarnkorsett og blir krokete, men humøret har ho. Unge menneske som er saman med henne i Hyggen, treffer ei varm og generøs kvinne. Det er primitivt og gamaldags, framleis med ein vag eim av gamal rikdom. Ho ber bordbøn. Ho kan vere moralistisk streng, alkohol drikk ho ikkje sjølv, men serverer om ho har noko i huset. Ho har liv rundt seg og klekkar ut kyllingar i ein kjel med varmelampe i bestestova. Kan hende får ho det gode liv som pensjonist. Veidarvon har overlevd alle stormar, er sikra for dottersonen Erling og blir leigd ut til eit dansk skolereisebyrå. Ho seier til journalisten i Gudbrandsdølen:
Som jordmor og landbruksmenneske ser jeg på alt det skapte, planter, dyr, barn og bak det hele aner jeg Skaperen. Jeg husker en periode hvor jeg pekte ut for Gud hvordan jeg ville ha tingene. Det gikk ikke, og jeg har endret det til å legge fram problemene mine. Når jeg har min daglige kontakt med Gud, føler jeg med trygg med dette.
Lagnaden
Så høgg lagnaden til. Det er kvelden før nyårskvelden 1978. Bitande kaldt, minus 40 nokre stader. Erling Grieg har hoppa av frå gymnaset og er i Oslo for å bli bilmekanikar. Han er heime no. Han har havarert med bilen sin, den er vrak, og han er i ulage. Noko lett sinn har han ikkje. Fleire gongar har han truga med å gjere det. I kveld trugar han nok ein gong. Han kjem seg heim, seier godnatt til mormora slik han plar, skriv ”Alt er svart” på eit ark og går inn på rommet sitt. Så tordnar eit skot frå ei hagle gjennom Hyggen. Annie Balchen går inn til han. Det er meir enn ei mormor kan bere. ”Jeg tok fra ham børsen”, sa ho. Det er meir enn nokon kan bere.

1976: Her er hele staben samlet utenfor seterstua til forevigelse. Fra høyre: fru Annie Balchen, yngstedame Linda Myromslien og så den framtidige eier av Veidarvon, barnebarnet Erling Grieg med Mie Ane Jensen på fanget.
To år seinare kjem to unggutar ut på Prestegardstunet. Da ser dei det. Lysskjæret over Tofte. Kan hende var det ei gamal, forvirra kvinne som rota med glørne og omnsdøra. Eller var det ôg noko anna der inne i mørkret ein stad? Ein vilje, eit raseri mot ein gud som hadde tatt frå henne alt? Og så vart raseriet til eit bål? Han skulle få att det ho aldri hadde bede om. Livet. Men så kom den svarte angsten idet elden tok tak i henne. Ho famla seg ut og vart liggande i snøen med store, tomme, stirrande auge. Dei hadde sett inn i ei verd vi helst ikkje vil sjå.
Kjelder:
Samtalar med Ben Balchen, Cita Jensen, Arild Larshaugen, John Malerbakken, Kåre Skogstad, Rasmus Stauri og Per Tofte.
Opplandsarkivet
Publisert her fyrste gong 20.5. 2013
0 Comments