OLE CHR. RISDAL: I likheit med andre bygder i Noreg verserer det også i Skåbu ein del segner. For nokre veker sidan vart eg mint på ei av dei takka vere Sjur Sande som la den ut på Facebook. Der bureisingsbruket Nymo ligg var det i gamle dagar ei lita slette som dei kalla for «Hyttsletta». Her skulle det også vere ei framifrå god vasskjelde.
For omlag tu hondre år sea livi de n vejar å n skyttar her som hæitte Akslé Hauga. I di tiom va de nok tå villræin e’ fjæillé, å e’ skogliom jékk både elg å bjøinn. De ha vore mange goe skyttere e’ Skåbu, å millom déssé ha n Akslé Hauga voré nemnt som æinn tå di likaste.
Så hende de at de kom n rekarfant jennom bygda, å hæinn va tå di verste tå de slajé, å da n tænkte sé over fjæille fæinn n sé likeså godt n hest å ri på, slék at n kom raskar fram. Men hadd n visst kann som åtte hesten va de vel ovisst om n ha veld dæinn, for de va hesten hass Akslé n ha ti. Å da n Aksle fekk greie på at fant’n hadde ti hest’n hass, græp n børsa å la étté. Fant’n tok vægen bortover mot Himdala, å hadde alt fått e’ godt forsprang da Akslé la åt. Men n kjende æille stijin og bænvæjin å va så léttfløgd at n dro innpå fant’n liti om sæinn. Å da fant’n va vé Hinnøgla, va n Akslé like e’ helom på’om. Men n hadde nok haft é auga bakom se’, hæinn som rei me, å nå sette n på elva. Da n va midt uti kome’, rofte n attende åt forfølger’n sin at nå skull n bli att. «Bi nå lite,» rofte n Akslé. «Du e itte over bekken komé enda, du hæill,» sa n, å så tok n børsa å skaut fant’n så n datt tå hesta.
Étté détté tok n Akslé te’ å bli orolé. N hadde nå tross alt ti e’ liv, å sjøl om det berre va n rekarfant å n hest-tjuv, så va de nok ovisst om n fekk gå fri visst øvrighæta fekk snus’n ti di. N kom te’ at de va tryggast å jøme se’, å så fæinn n se’ e’ lugumt stæillé i skoga ogofor himplass’n sin. Der bygde n se’ e’ hytte å héldt se’ der e’ ti». N tænkte vel at me ti’n vilde denna saka kåmå e’ glømebok’n.
Men loven har lange arme å det fekk n Akslé au sanne. Da n skull fortelja kålést de jékk té me honom å fanta, sa n at n sikta berre på armen å tænkte n skull hefte om me di. «Det var rart du ikkje heldt på kroppen da, lell,» sa skrivar’n. «Å ja, kanskjé e’ snerta n på sia liti au,» sa n Akslé.
Segna fortel te» slutt at n Akslé jékk fri for dom å straff. Hytta n bygde åt se’ e borte, men sletta å kjæilla e der å minne om n Akslé.
0 Comments