Ein hyllest til Fronsvatna

by | 16. sep 2014 | Jakt og fiske | 0 comments

Og så vakker fjellnatur som det er ved mange av desse Fronsvatna, skal det leitast etter. Feforvatnet. Bilde frå Nord-Fron kommune.

IVAR KLEIVEN: Båe Fronsbygdene har så nøgda av vakre og gode fiskjevatn at dei går over alle dei andre bygdene i dalen, og før i tida vart desse vatna vel utnytta, så bygda hadde fjellfisk til husbruk. Vinstervatna var nok helde for dei formeste mellom alle Fronsvatna, men jamen var det bra fiskjevatn mange av dei andre ôg, med både stor, feit og god fjellaure. Og så vakker fjellnatur som det er ved mange av desse Fronsvatna, skal det leitast etter. Han kan skifte mykje, men ved nesten alle er naturen slik at han dreg hugen til seg. Han kan vera både vill og storlig med sterke høgfjellslag, men han kan ôg vera både yndaug og mild og med meir låglandsdåm over seg. Men kor du kjem, er det overlag tyleg ved desse fiskjevatna, som ligg der og blenkje, spegla den blåe himmelen oppover seg og bjørkliene og fjella omkring seg – utsynet kan fange hugen så sterkt at det gjer reint vondt å slite seg frå.

Det var saktens ikkje noko rart at gamlekarane lengta etter fiskjebuene sine kvar gong fyrysomaren var kome så langt i fjelldalane at han hadde vunnest å gje bjørkeliene grønlêten, og gauken hadde teke til å gole rundt om. Det var noko anna å liggje her enn å ferdast i maurtuene i bygda med sine ni sorger og ti hugsotter. Det kjendest som om all ting ga ro og fred her og ikkje klemde og tyngde, slik som i dei kvalme dalane. Og om lege på briksen med eit storrlag under og ein kubbe til hugugjerd var hard, så sov’n betre enn i dunseng heime på garden. Kem kan undre seg på at det var sårt for desse «bumennene» å setja lås for dør, når seinhaustes kom med tela jord og jaga dei til bygda att.

0 Comments

Submit a Comment