https://youtu.be/rGfsj9YouPU
I det nye rommet Mimes brunn på Hundorp kan alle sette seg rundt eit bord og tenkje og trivjast og oppleva den rike skulehistoria. Måndag 10. oktober vart det nye møte- og dokumentasjonsrommet på Dale-Gudbrands gard opna. Her er GDs reportasje fra opninga. 50 hyllemeter med bøker frå folkehøgskuletida, to meter sangbøker, digitaliserte fotografi av nesten alle elevkulla og mykje anna som teiknar ein viktig del av kulturhistoria i Midtdalen. Alt sett opp og lagt til rette av Rasmus Stauri og kosta av eigaren Øyvind Frich. På denne filmen kan du vere med på opninga. Og Mimes brunn er alt i bruk. Historielaget har styremøte her.
0 Comments