Fronsbygdin 2018 ventar på deg

Leiar i Fron historielag, Ellen Steberg, var på plass på julemarknaden på Rudi Gard. Foto: Carl Henrik Grøndahl
Fekk du ikkje med deg Fronbygdin 2018 frå julemarknaden på Rudi Gard sundag? Du kan tinge boka direkte frå Nina Berge Rudi: [email protected]. Eller kjøpe ho hos Libris Vinstra eller nokre daglegvarebutikkar. Nokre stader kjem det ôg ein seljar på døra hos deg. Ta godt imot. Kjøper du boka, får du ikke berre framifrå lesestoff, du er ôg med på å støtte eit særs viktig arbeid med å ta vare på lokal identitet og historie. Det i hovudsak tre hovudformål med boka, seier redaktøren Rasmus Stauri:
- styrke lokal identitet og kunnskap – skjerpe sansen for eige beste, utan å bli snever og trongsynt. Fronsbygdene er ein del av Gudbrandsdalen, som er ein del av Oppland, som er ein del av kongeriket og ein del av Europa og verda.
- gi kunnskap til komande slekter, da synspunkt og framgang skal byggje på kunnskap. Utan kunnskap og ei fagleg haldning i botn er det verre å byggje ei framtid. Kunnskap og fag er også eit grunnlag for fantasi og tankar om noko nytt.
- håp om å nå hyttefolk og andre som kjem hit og blir glade i området. «Alt blir forvitneleg berre du veit noko om det», skriv Ivar Aasen.
Og boka i år er truleg betre enn nokon gong. Tone Sidsel Sanden, redaktør i avisa Dølen, trekk fram eit døme:
Olaug Askheim Aas sin artikkel om barndomsminner fra Elvenes i Skåbu er et godt eksempel på hvordan utfløtte på en god måte kan bidra med historier fra oppvekståra i Fron og viktig lokalhistorie.
Her er innhaldet i boka:
0 Comments