I det gamle Fron heldt barnedøden familiane små

Kva skjedde i denne senga? Bilde frå Maihaugen
RAGNAR ØVRELID: Kor store var familiane i Fron på byrjinga av 1800-talet? Ikkje så store som vi kanskje forestiller oss. Ein ting som heldt familiane små, var barnedøden. Ein stor del av gravferdene i det gamle samfunnet galdt små barn, ikkje gamle, som vi er vane med i dag. Fram til 1840-åra var over ein firedel av dei døde barn under fem år. Barna døde oftast av epidemiske sjukdomar, difteri, kikhoste, meslingar eller koppar. Det var ikkje uvanleg at foreldre låg i hel dei minste i senga om natta. Det kom mellom anna av høgt alkoholforbruk.

Like farleg som bilen. Stut i Ringebu. Foto: H. H. Lie/Maihaugen
Elles var det ikkje uvanleg med ulykker den gongen heller. Dei reknar med at oksar og hestar kosta like mange barneliv i det gamle samfunnet som bilen gjer i dag.
I 1801 var gjennomsnittsfamilien til ein sjølveigande bonde 7,4 personar. Ein husmann med jord hadde i gjennomsnitt 4,3 personar, husmenn utan jord 4 personar. I desse tala er slektningar, tenarer og alt medrekna.
0 Comments