Fri hest til kyrkja

by | 26. nov 2016 | Jordbruk | 0 comments

Ei lita historie om føderåd

fattige1

Klokkar Anders Viborg på Grov måtte gå fra garden etter fem år i 1804, fordi den forrige oppsittaren fekk for gode kår i føderådet. Desse gamle hadde ikkje føderåd på Grov. Kommunen kjøpte garden til fattiggard i 1903.

RAGNAR ØVRELID: Det var mykje færre gamle i bygdene her på 1700- og 1800-talet enn det er i dag. Og dei var ikkje på langt nær så tilsidesette og unyttiggjorde som dei er no. Dei budde på garden, eller på plassen, dei passa barn, hogg ved og deltok også i kvardagslivet på ein annan måte enn i våre dagar. Dei som ikkje hadde eit føderåd å falle tilbake på, hadde det ikkje så greitt. Dei hadde ofte berre fattigvesenet å ty til. Ein stor del av dei som er registrert som fattige på 1700- og 1800-talet, var gamle folk, som ikkje hadde jord.

Vi ser også ein markert skilnad i sjansane til å få føderåd hos slekta mellom dei som hadde hatt gard og dei som hadde drive ein husmannsplass. I Fron var det i 1801 307 føderådsfolk. Det var 131 føderåd på gardane, 114 på husmannsplassane. Men det var dobbelt så mange husmannsplassar som det var gardsbruk i Fron da, så forholda for dei gamle vart nokså ulike: 0,5 føderådsfolk på kvar gard, 0,2 på kvart husmannsbruk i gjennomsnitt.

Vi kjenner til at gamle folk fekk føderåd her i dalen alt i mellomalderen. Einar Hovdhaugen nemner diplom frå 1300- og 1400-talet, der eigedomsoverdragingar av jord blir kombinert med reglar om føderåd.

Det har frå eldgamle tider vore skikken at barna, eller dei som overtok jorda, skulle syta for dei gamle. Her i landet vart føderådet aldri eit lovpåbod som t.d. i Danmark. Derfor finn vi føderåd i alle slags former, med store skilnader mellom rik og fattig, og med store skilnader gjennom tidene.

Avtalene om føderåd var i førstninga munnlege. Men sist på 1600-talet vart det vanleg at dei skulle settast på papiret og tinglesast.

Dei eldste føderådskontraktane vi har, frå slutten av 1600-åra, er svært runde i forma og bygde på gjensidig tillit og gamle skikkar. I 1677 overlet Mester Werner (tårnbyggaren) garden sin Skurdal til dotterdottera og den som ektar henne, mot at han skulle ha opphald hos dei så lenge han levde.

Men utover i 1700-åra vart føderådskontraktane stadig meir spesifiserte. Her er eit eksempel frå Brandvol i 1766: Avtalen er sett opp i to alternativ:

Om føderådsfolket vil vere i brød med dei som overtar:

Varm hus, dei vil ha av eige innbu, 2 1/2 tønner korn, noko smør og ost.

Om føderådsfolket vil vere i brød for seg sjølve:

10 tønner korn (bygg) 8 mæler rug, 3 kyr, 1 ungnaut, 8 sauer. Fri hest til kyrja og til å besøke slekt og vener. Fisk, salt, hamp, ved til brygging og baking. eiga stove, osv. Når ein av partane fell frå: halve føderåd. Og skikkeleg gravferd.

Dert hende at kjønnsrollene slo gjennom i føderådskontraktane også. Her er ei frå Grytting i 1779: Døyr faren først, skal mora ha halvt føderåd. Men faren skal ha fullt føderåd om han lever lengst.

Ytingane auka på. Da klokker Anders Viborg kjøpte Grov i 1799, måtte han årleg yte dette føderådet til den forrige oppsittaren:

16 tønner bygg, 1 1/2 tønner  rug, 1 mål aker av beste sort, kjøt, flesk, salt , tørrfisk. 4 ku- og 12 sauefôr. 4 rdl til tobakk i året (ei lærarløn var 10 rdl i året). Våningshus, vedskjul, stabbur, loft, bruk av eldhus, tørkestove, kvern og sag. 20 famner ved. 12 våger høy. Hest til fritt bruk i og utanom bygda. 12 alner strie, 12 alner hampelerret. Humle. Grønnsakhage.

Ikke rart at klokkaren måtte gå frå garden etter fem år.

Redigert utdrag frå Historia om Fron, bind I

0 Comments

Submit a Comment