Fronsbygdin får mykje ros i GD

-Frøningane held oppe framifrå årbok-kvalitet. Det er imponerande kva årbokredaktørane får fram av stoff, skriv Asbjørn Ringen i GD 18. desember. 30 artiklar på over 170 sider og noko for einkvar smak. Spennvidda kan illustrerast ved ytterpunkta:

Ingar M. Gundersen artikkel  bygd på tilfang frå utgravingane i samband med E6-utbygginga i eine enda av tidslina. Carl Henrik Grøndahls gjennomgang av historia til Fagerhøy heilt opp til nåtida i den andre. Både desse er i likskap med mange andre velskrivne og solide. (…) For ein som har henta grunnleggjande kunnskap ved gymnaset på Vinstra, fell det lett å nemne spesielt Arne Finboruds levande tidsbilete frå livet som gymnasiast på Vinstra opp mot 1960.

Asbjørn Ringen omtalar i alt ti årbøker med lokalhistorie. Om I Hedalé seier han at det er eit lite historielag, men ei flott bok med artiklar som fortener større lesarkrins enn den lokale meinigheita. I Årbok for Gudbrandsdalen finn han at «noko er mildt sagt for dei særskilt interesserte, (…) men vi meir generelt orienterte lesarar har all verda å fordjupe oss i likevel.» Hemgrenda 2013 er nr 37 i rekkja av årbøker fra det største historielaget i dalen, Ringebu historielag:

Redaksjonen legg tydeleg vekt på å hente inn minnestoff frå barndommen til folk i bygda; om lag ein tredel av boka er slike artiklar. Med trygt minne og godt fortalt er dei tidsbilete med verd utover dei lokale tilhøva,

skriv Asbjørn Ringen

0 Comments

Submit a Comment