Vegar Skar og 37 000 foto
Vegar Skar

Vegar Skar – klar til å skænne fleire bilde.

Han har gjort eit uhorveleg stort arbeid for lokalhistoria i Fron dei siste 4-5 åra. Det er ingen annan måte å seie det på. –Eg vart spurt av Fron historielag om eg ville, seier Vegar Skar, – og sjølvsagt ville eg det.  Så kosta laget på han skikkeleg utstyr, og nå har han «skænna» bortimot 37 000 foto  frå ulike familiealbum. Trettisjutusen! Det tar om lag tre minutt å «skænne» eit bilde. Så da er det berre å rekne ut. Det skulle  bli 111 000 minutt, dvs 1850 timar, eller omlag eit heilt årsverk.

Frøningane kom med bilde. Men ikkje alle. Vegar Skar sa til ei dame at han skulle brenne bilda hennes på ein CD. Ein kan ikkje ordleggje seg slik, for ho gav ikkje frå seg bilde til brenning!

Vegar Skar sit på kommandoplassen sin heime i “Hyttebyen”, godt omringa av teknisk utstyr av alle slag. -Eg likar best å “skænne” frå glasplater og frå negativar, seier han, – for dei har lege i konvoluttar og er ikkje ripa opp og bleikte av lys, og dei har ikkje fingeravtrykk. Kvar har han alle desse 37 000 bilda? På harddisk heime, sjølvsagt. Men det ligg òg ein harddisk med foto i banken. Dei er tatt vel vare på for ettertida. Så er det opp til historielaget å gjere dei tilgjengelege. Mange av dei kjem på heimesida og Facebook-sida etter kvart.

Vegar Skar tek framleis imot foto av historisk interesse til framtidig bevaring. Det er berre å sjå etter i kommodar og i gamle album. Gjer du bilda dine tilgjengelege for Fron historielag, får du dei også med deg heim, digitalisert på ein CD. Av Vegar Skar.

2 Comments

  1. Turid Gunnarsson

    Hej. Jag heter Turid Gunnarsson och är dotter till Arvid Andersson som föddes på Lökken Verk. 1994 blev vi inbjudet till en stor släktträff men som inte blev av, vi var tydligen för många 😉 Jag är intresserad av släkten på pappas sida och undrar om du har släkthäftet som skulle tryckas? Digitalt? Du skriver om slektstevnet Klevstaberget. Min dotter har program så hon har hittat släkten på mammas sida långt tilllbaka, och jag skulle vilja att hon fick uppgifter om pappa med. Hoppas att jag har kommit till rätt Vegar Skar.
    Hoppas att jag och min syster får ett svar för vi är lika intresserade.

Submit a Comment