BJARNE JETLUND: Hausten 2003 starta Knut Tvete og eg opp med restaureringsarbeid på ytterglasa i Sør-Fron kjørkje. Det vart eit spennande og interessant arbeid. Særleg glasa mot sør og aust måtte det stellast mykje på. Dei var målingsslitne, og ikkje så reint lite av kittet var borte. Ein del av rutene var sprukne. Vi veit ikkje for visst kva som kan vera grunnen. Men glasveden var god. Rettnok versliten, men utan råteskadar. Dei hadde funne gode emne, dei gamle. Glasgrindene er laga av ekte, god feitved, truleg seinvaksen fjellfuru. Når vi brukte varmelampe for å bløyte opp gamal kitt, kom det framleis tjære ut av treet.
Mange ruter
Det er tolv glas på sidene av kyrkja, tolv grinder i kvart av glasa, og i kvar grind er der tolv ruter. I glasa på sidene av dørene er det berre to grinder i breidda. I alt skulle det bli 1536 ruter, pluss dei i kvelvingane øvst på glasa. Dette går vonleg fram av illustrasjonsbileta.
Til å feste ein del av rutene vart det brukt trestiftar. Storleiken kjem godt fram på biletet. Trestiftane er framleis harde og fine. Vi er usikre på treslag, men det er vel helst einer.
Rutene som dette gjeld, har neppe vore skifta ut før. Det er med andre ord tale om originalruter. Dei eldste rutene der det ikkje er rette kantar i grindene, ser ut til å vera støypte for å passe inn. Alle kurvene er like. Det vart enklare å få til med støypeformer.
Framifrå handverk
Når det gjeld arbeidet som er gjort den gongen grindene vart laga, må ein berre undre seg.
Ein kan ta for seg sprossene for å illustrere dette. Dei er 2,5 cm breie, og dei er saga for hand. I alt må det ha gått med 500m med sprosser. Med saging på båe sidene blir det å saga i kilometer! I tillegg er sprossene profilhøvla på innsida. På sprossene i grindene i kvelvingane ser ein at dei har hatt problem med motveden. Når ein ser på dette arbeidet, kjem det for ein nokre verselinjer frå det kjende diktet Emne av Olav Aukrust:
Ambod var det so som so med,
tidt på verkty var det skort,
ringt var ofte det dei stod med,
lel vart fullgodt arbeid gjort.
Det er vel ingen som veit nøyaktig kor lenge dei arbeidde med dette.
0 Comments