Historielaget alt nå messom…

Klikk på bildet, så ser du at dei har det triveleg.

CARL HENRIK GRØNDAHL: «Men du føle de itte litt gåmmål når du bli avbilda tå Fron historielag?» Kommentar til eit bilde på Facebook-sida til historielaget.  «Væt itte om det føles hælt greit å vera i aldersgruppa som ha kome på bilder i historielaget», skriv ein annan. «Oi, i historielaget….nå følte jeg meg gammel….», ein tredje. «Historielaget alt nå messom…» ein fjerde. «Men å bli tagget av historie-laget da gitt. Dere er vel ikke riktig klar for museum enda?». Samla i få ord: Å vera med på bilde presentert av historielaget er så godt som å bli kysst av døden. Javel.  Her kan det vel vera mange tankar å kose seg med?

Kva har hendt?  Oddmar Myrum tok tusenvis av bilde frå Fron på 1960, -70 og -80-talet. Per Ottesen har gjort eit imponerande arbeid med å skanne dei. Slik har dei to skrive viktig lokalhistorie frå siste halvdel av 1900-talet. Nå er nokre av desse bilda ute på historielagets Facebook-side til identifisering, og her går det føre seg nyttig og frodig arbeid. Meir av slikt!

Men i dette arbeidet sîg det altså fram ei slags omdømmemåling, som historielaget ikkje kjem så godt ut av. Desse utsegnene tyder på at laget har det PR-konsulentar kallar eit image-problem. Fron historielag er for pensjonistar med stabbande gange, stutt korttidsminne og blikket retta mot grava. Eller noko slikt. Og historie er det som hende før eg vart fødd. Da besteforeldra mine var unge. 1800-talet. Storofsen.

Og så får vi brått servert vår eiga ungdomstid som historie. Eg har ikkje berre ei framtid. Eg haròg ei fortid. Noko av livet mitt høyrer til historia. Slik det er døme på her og her. Folk som veit slikt, seier at ungdomstida tar slutt først når du kjenner det i magen at du òg kjem til å bli gammal.

Så her har Fron historielag ei god utfordring. Inkludere 30- og 40-åringane i lokalhistorisk arbeid. Historia syng gjennom oss alle, og jo meir vi kjenner av den songen, desto tryggare står vi på jorda.

0 Comments

Submit a Comment