Gudbrandsdølar på grensevakt av Vidar Skaare
Den 13.september 1905 gav forsvarsminister Olssøn ordre om at Gudbrandsdalens landstormbataljon skulle mobiliserast. Soldatane skulle sendast mot svenskegrensa medan politikarane forhandla.
Minne om krig og fred Oddrun Rudland fortel til Ivar Myrstad
Oddrun Rudland frå Stormorken i Kvam var knapt 13 år da Noreg kom med i den andre verdskrigen. Mykje av tenåringstida vart derfor prega av okkupasjonen.
Amundsen hotell 100 år av Hans Petter Kleiven
“Amundsen” på Vinstra vart bygd som privathotell i 1905, vart “kongeleg” i etterkrigstida og har vore asylmottak i to år. Nye nederlandske eigarar tek over i jubileumsåret
Kongsgarden Steig av Eivind Luthen
Litt attendetrekt på eit høgdedrag ruver det gamle maktsenteret Steig over Hundorp. Garden forstra ein konge og gav også landet ei dronning. I fleire hundreår spelte Streig ei viktig rolle i norsk rikshistorie.
Steig-drakta av Else Steig Midtvold
Steig-drakta er laga med utgangspunkt i to ruta stakkar som truleg er rundt 200 år gamle. I rutene, som var blå i botnen, var det broderi slik tradisjonen var i Gudbrandsdalen på 1700-talet.
Folkeminne frå Fron av Randi Rosenborg
Underjordiske på Hågå, oppskrift på brannsalve og forklaringa på kvifor der ikkje er orm i Sør-Lia. Dette var noko av det ungdomsskuleelvar i Sør-Fron samla inn av folkeminne sist på 1970-talet.
Å gå med klufta av Eivind Holen
Trass i mangel på vitskaplege forklaringar trur mange fullt og fast på at vi kan finne vatn med klufta. Men kan dei som klufta reagerer på også finne ulike mineral ute i naturen?
Stadnamn frå Skoe i Sødorp av Jørn Skoe
Namna på jorda og teigane på ein gard har ofte utgangspyunkt i terrenget. Men nokre gonger fortel dei også ei historie. Enkelte namn er det uråd å finne ei sannsynleg forklaring på.
Iver Lo – ein framsynt stridsmann av Anne Mari Lo
Iver Lo var bonde, men mest kjent som organisator inna landbrukssamvirket. Der ført han i mange år ein seig og lang kamp mot dei frie marknadskrefene.
Mjølkerampa av Frode Erstad
Mjølkerampa var ein av dei viktige møteplassane i Bygde-Norge. Etter kvart som mjølka vart henta med tankbil, forsvann rampene og med dei mykje av den hyggelege praten med naboen.
Da Prestgards-Raua lurte døden av Johan Dalseg
Ei historie om ein hest som var utanom det vanlege
Mannen som var uråd å målbinde av Oddmar Myrom
Å vera god i kjeften har aldri vore å forakte. Ein god replikk kastar lys over både rett og urett og kan få oss til å sjå mangt på ein nye måte. Nilshimin frå Kvikne var av dei som kunne svara for seg.
Bjørnen på Jostugusalen av Gunnar Lien
Jostugu i Sør-Fron var både ferdamannskvile, bygdakafé og festlokale. Ein gong rundt 1900 vart det synt fram ein tam bjørn der. Etter det fekk kaféen eit nytt namn.
Fisketradisjoner i Espedalen av Ola Eggen
Matauk var det meir av før i bygdene våre. Men interessa for fiske har halde seg fram til i dag. I denne artikkelen gjer forfattaren grei for “dragnetta” og miljøet rundt dette spesielle fisket i Espedalen.
Da kassa på nikkelverket vart stolen av Iver Forseth
I oktober 1849 var det ein livat fest med mykje drikking i den nye dansesalen på nikkelverket i Espedalen. Da styraren vakna, var pengekassa med 1500 spesiedalar borte.
Vegen til Vendalen 100 år av Velle Espeland
I år er det hundre år sidan arbeidet med vegen til Vendalen på Sør-Fron var sett i gang. Det var eit stort prosjekt som kravde samarbeid og organisasjon, og det gjekk ikkje utan konfliktar.
Butikkbussen Fjellpilten av Nils Christian Steig
I åra 1963-1983 gikk Fjellpilten i Sør-Frons vestfjell. “Pilten” skapte mye hygge og sosial omgang blant fjellfolket. Men det ble lange dager for medarbeiderne på Hundorp Landhandleri.
Jenteidrett i Sør-Fron av Tormod Tofte
Jenteidretten har ofte kom i skuggen, men alt i 1894 deltok jenter i eit skirenn i Kjorstadbakkane. Og Liv Renshus frå Sør-Fron scora det fyrste målet i kvinnefotball i Gudbrandsdalen.
Tormodsøndagen av Tor Larsen
Tormod skilag feira 100-årsjubileum i år. Tormodsøndagen i Sorperoa har gjennom åra vore den store dagen da unge og gamle i bygda fyller skispora.
Glytt i barndomsloggen frå Nedre Skar av Knut Stensrud Kjorstad
For å koma gjennom vanskelege tider må ein flytte for lettare å skaffe seg den daglege føda. Tronge tider før siste verdskrig gjorde at Otto og Inger Skar i 1939 gjorde nettopp det.
Storlykkja – ein buplass verd å minnast av Johan Dalsegg og Einar Rolvsbakken
Rydding av nye heimar i Frydalen kom i gang på 1500- og fyrst på 1600-talet. Frydalsgarden i nedre Frydalen er nemnd som engeland alt i 1723, og i Storlykkja høgare opp har det levd folk fram til vår tid.
En liden fattig dreng av Anders Haugen
I 1830-åra var det svolt og stor naud i Fron. Berre i 1839 reiste 300 til 400 personar frå bygda for å finne mat. Mellom dei var Anne Dokken og dei to sønene hennar.
Husmannsguten frå Koloen som vart ordførar på prærien av Fredrik Moen
Magnus Moen får Sjoa reiste til USA som tolvåring. Her vart han bonde og samfunnsbyggjar. Etter 50 år vitja han fødestaden- og fann att det han hadde drøymt om i alle desse åra.
Kunstmålaren Christoffer Stixrud av Jon Steinhaugen
Christoffer Stixrud har måla mange bilete med motiv frå Vinstra, Ruste og Sødorp. Også mange nord-frøningar har han portrettert. I fleire år budde han og familien i Sødorp.
Politidetektiven frå Søre Li´n av Gard Espeland
Redvald Larsen frå Sør-Fron vart landskjent da han avslørte ein bande som planla sabotasjeaksjonar mot norske skip under den første verdskrigen. Den tyske ambassaden i Oslo var innblanda.
Johan Sørensen og kongedømet hans av Carl Henrik Grøndahl
Etter mange år i utlandet kom grosserar Johan Sørensen til Fron i 1880. Her bygde han Tofte Høilidssanatorium og Lauvaasen Høifjeldssanatorium og sette mange andre spor etter seg.
Årsmelding for Fron historielag 2004
Kulturprisar i Sør-Fron og Nord-Fron 2004