Innhald i Fronsbygdin 2008

Pilegrimsvandrar i Fron av Tormod Berger
Denne artikkelen fortel om pilegrimsleia frå Frya til Otta. Artikkelforfattaren har gått til Trondheim fleire gonger. Han meiner leia kan gjerast langt betre enn i dag der ho går i eit mektig kuturlandskap.

Plukk frå det biologiske mangfaldet i Fron av Ola Holen
Mange planteartar er truga av utrydding. Desse blomsterplantene utgjer ein viktig del av det biologiske mangfaldet. Det er mange artar i Fronsbygdene også som er i faresonen.

Frå eit langt og engasjert skuleliv. Nils Os fortel til Ottar Hovde
Nils Os var fødd på Nordfjordeid, men budde i Fron i om lag xseksit år. Han var ein av fleire vestlendingar som flytta over fjellet og fann seg levebrød. Nils Os gjekk bort i 2005.

Museet på Ruste skule av Anders Nustad
Hausten 1989 feira den norske grunnskulen 250 år. Ruste skule arbeidde med prosjektet “den gamle skulen”. I jubileumsåret vart loftsrommet på gamle Brynsmoen innvigd til skulemuseum.

Frøningar i gulltransporten 1940 av Hans Petter Kleiven
Da tyskarane okkuperte Norge 9.april 1940, var det viktig å berge gullbehaldninga til Norges Bank frå okkupantane. Fleire i vaktmannskapa med gulltransporten var frå Fron og Ringebu.

“Sponplåta” er 40 år av Per Ottesen
Sponplatefabrikken på Kvam er eit dominerande innslag i Kvam sentrum, og ei nøkkelbedrift i Nord-Fron kommune. Denne artikkelen tek for seg nokre merkepålar gjennom desse 40 åra.

Bjørnson-brev av Birgitte Bay
Karoline og Bjørnstjerne Bjørnson var venner med Marthe og Knut Bay på Sygard Forr. I denne artikkelen presenterer Birgitte Bay Bjørnson-brev til tipp-tippoldeforeldra sine.

Lars Prestmoen av Kåre Hosar
Langt utanfor Fron finst det arbeid etter Lars Prestmoen, og ikkje minst pipehovud frå “Pip-Larsen” på Lillehammer. Han var ein allsidig kunstnar som arbeidde seg opp frå små kår.

Natur og levekår i Kvam i mine oppvekstkår av Helge Stormorken
I Fronbygdin 2007 skreiv artikkelforfattaren om livstilhøve i Kvam før krigen. Andre del av artikkelen handlar om utmarksnæringar, handverk og industribygging, skulestell og sosiale tilhøve i bygda.

Haugsetra på Kvamsfjellet av Fredrik Moen
Fleire av dei gamle setrene i bygdene står tome gjennom året. Rundt desse setrene har det vakse fram hyttegrender. I denne personlege teksta ser artikkeleforfattaren seg attende på ei tid som var.

Spelemannen og småbrukaren Emil Fevolden av Ragnhild Ulberg
Denne artikkelen fortel om ein spelemann som vaksne frøningar kjenner godt. I mange år spelte han til dans, og til dagleg var han småbrukar. I dag er Emil Fevolden ei rik folkemusikkjelde.

“Iverstuguin” av Ole Chr. Risdal
Spelemannen og komponisten Torger Iverstugun sette spor i den gudbrandsdalske folkemusikken. Sommaren 2008 vart det reist eit minnesmerke over han i Skåbu. Kven var han og kva stod han for?

Sundinga ved Hundorp av Nils Chr. Steig
Ved Hundorp-brua ligger en idyllisk plass som i daglig tale blir kalt “Sundstugu”. Før brua kom i 1924, var her livlig trafikk over Laugen. Denne artikkelen forteller historia om folket som bodde ved Laugskanten og hadde sitt arbeid der.

Hundorp stasjon – vekst og fall av Gard Espeland
Det var ulike meiningar om kva Hundorp stasjon skulle liggje, og kvar banen gjennom Gudbrandsdalen skulle ende. Etter hundre år vart service – og kommunikasjonssenteret lagt ned.

Minne frå Sør-Fron pleiehjem av Eldrid Listad
Denne artikkelen gir eit glimt inn i omsorgstenesta i Sør-Fron på slutten av 1950-talet. Tunge tak og store arbeidsoppgåver var vanleg den gongen også. Dette er ein utvida artikkel frå Kyrkjebladet for Sør-Fron i 2003.

Da sør-frøningane ville velja seg prest sjølve, skrive av sorenskrivar Beer 11.4.1890
Presterolla var utfordrande før i tida også. Dette brevet var tenkt til kyrkjestadsråden, men vart stoppa av sorenskrivaren på Heggerud. Folk hadde bestemte krav til presterolla i bygda.

Åtte potter rømme, fire merker smør av Velle Espeland
Eit dusin er 12, men kor mange skal det til før det blir ein heil skokk, og kor mykje er eigentleg eit lite gram? Denne artikkelen handlar om gammalt mål og vekt. Det er i stor grad ukjent kunnskap i dag.

Vatningsgrøfta som ikkje kom i bruk av Oskar Letrud
“Viss Vår herre gjev oss sol, ordna oss vatn sjølve” – blir det sagt i Nord-Gudbrandsdalen. Ifølgje lokalhistorikaren Einar Hovdhaugen hadde dølane frå gammalt ein trong til prosessar…

Årsmelding for Fron historielag 2007
Minneord Anton Tagestad
Kulturprisar 2007
Medarbeidarar i Fronsbygdin 2007
Rettingar frå Fronsbygdin 2006

Vi har mykje godt på lager!

Kjøpe Fronsbygdin?

Ønsker du å kjøpe Fronsbygdin? Det er også mogleg å abonnere på Fronsbygdin, du vil da få nyaste utgåva tilsend i posten kvart år.
Ta kontakt med Egil og oppgje kva årgang du vil kjøpe, eller om du vil abonnere.

Alle årgangar 2003–2018: kr  250,–   
Årgangar 2019–2023: kr 300,–
Årgang 2024: kr 330,–

Loading