Innhald i Fronsbygdin 2012

Mathea i Nord-Fron av Nora Stormyrbakken
Da ho er 30 år gammal, blir den nye jordmora forelska i ein enkjemann på 40. Dei får ti år saman, men må leve skild frå kvarandre seks månader kvart år med han er fiskeoppkjøpar i Finnmark.

Redvald Knudtson – ein neste gløymd midtdøl av Geir Beitrusten
Husmannsguten frå Rolstadlia i Skodalsgrenda vart anleggsarbeidar og samfunnsbyggjar. Han grunnlag avisa Dunderlandsdølen, og var ordførar i Mo i Rana. I dag er han neste gløymd i heimbygda.

Hernæsin  tok svingene av Steinar Larssen
Han likte at det gikk fort i svingene, og han tjente på mange ulike aktiviteter. Størst suksess gjorde Øyvind Hernæs som bil – og  motorsykkelforhandler – før han gikk helt over til møbler.

Grutvatn av Odd Midtlin
Forklaring på ordet “grutvatn”  – kan det ha noko med kaffi å gjera?

Flom i Kvam gjennom tidene av Arild Teigen
Det har vore mange store flommar i Kvam. Den fyrste vi veit om var i 1348. Målingar under kyrkja syner at det ligg leire og sandavsetningar heile 50 meter under bakkenivå.

Lillehammertur frå Kvikne i 1849 av Per Åsmundstad d.d.
Da jernbanen kom, var ein tur til Lillehammer ei lang reise med fleire overnattingar. Likevel var det vanleg at mange tok denne turen med hest og kjerre ein gong i året for å handle – og for å høyre nytt.

Toramjølk av Odd Midlin
Kva betyr så dette ordet?

Julestrid på Bjørkheim Landhandel av Lise Løkken og Velle Espeland
Juleutstillingane på landhandleria var ein viktig del av adventstida. Med dei vart forventningane til jula skrudd opp fleire hakk. På Bjørkheim Landhandel i Lia dreiv Kristian Strype butikk frå 1927.

Bulldosarmannen av Hans Odenrud
Med svært tronge kår som utgangspunkt greidde Erling Rolstad å spare så mykje at han kunne kjøpe seg ein brukt lastebil i 1947. I dag opererer familieselskapet over heile Sør-Norge.

Lappeleste varsla jula av Trond Myrstad
Labbeleste var ein figur som brukte å koma på gjesting på veslejulkvelden i Vågå og Heidal. Men i nyare tid har han også dukka opp i bustadfelta på Vinstra. Han minnar folk om at det snart er jul.

Tre gonger gift og tre gonger enkje av Eivind Holen
Tre gonger gifta ho seg. Fyrste gongen var ho berre 16 år, og måtte søkje kongen om lov. Tredje gongen var ho 34. Anne Olsdatter Tagestad, født på Nordgard Tåkåstad i 1797, fekk ein hard livslagnad.

Gjætargut som seksåring av Jens Thulstrup
Seks år gammal følgde Petter Svelle ein saueflokk heilt åleine nede frå Lia til setra ved Fagerhøy. Da han var tolv, låg han og den femten år gamle systera, Marit, åleine på setra med tolv kyr og ysta raudost.

Du e´hiven, du Glott av Gard Espeland
For å unngå jødeforfølgingar i Ukraina, reiste Moritz Glott til Norge via Tyskland,. Her gjorde han stor suksess i tobakksbransjen, Frå 1942 og ut krigen budde han på garden Grov på Sør.Fron.

Gamal steinrulle på Jetlund av Bjarne Jetlund
På garden Jetlund i Sør-Fron blir det framleis brukt ei gamal steinrulle til å rulle dukar og sengeklede med. Ho har vore i bruk kvart år – i alle fall i over hundre år – kanskje enda lenger.

Historia om Peer Gynt-vegen av Carl Henrik Grøndahl
“Høyt over alle hav, i blånenes drømmende og forunderlige verden”, slik presenterte Aftenposten den nye Hotellvegen frå Skei til Gålå i 1955. Året etter vart han omdøypt til Peer Gynt-vegen.

Den siste vintersetringa av Fride Gunn Rudi
Mathilde Forr Melgard og Oddbjørg (Romstad) var budeier på Furuseter på Østkjølen i Sør-Fron vinteren 1933. Det må ha vore ein av dei siste gongene det var vintersetring i Fron.

Medalskarane på Frya av Gunnar Lien
Georg, Edmund og Iver Megaarden var svært så kunnskapsrike. Men i mang anna var dei tre brørne så ulike som det nesten går an å vera. På sitt beste var dei gode folkeopplysarar.

Spåregler av Gard Espeland
Eit utval spåregler i lokal bruk.

Et klenodium fra 1917 av Jon Steinhaugen
Sommeren 2011 ble det funnet ei vakker fane på loftet på Øvre Prestemoen i Sør-Fron. Den hadde tilhørt Sør-Fron kommunistlag som var stiftet så tidlig som i 1917. Fana har ligget der siden 1945.

Ei lang seterreise av Hans Odenrud
For mange gardar i Fron vard et ei dryg reise for å kome på setra. Ofte gikk heile dagen med før ein var framme. Likevel var seierreisa noko både folk og krøtter såg fram til med glede.

Ein budnad frå Ulberg av Kirsti Krekling
Emma Ulberg som var fødd i 1884 i Sør-Fron, fekk ein ny bunad fyrst på 1900-talet. Bunaden var sannsynlegvis ei nyskaping, men det er uråd å vita om inspirasjonen også kan vera henta frå eit konkret plagg.

Rærin og slekta hans av Ole Christian Risdal
Anton H. Reiret (1881-1964) eller Rærin, som han vart kalla, er ein av bygdeoriginalane som oftast blir herma i Skåbu. Han stulla og stelt med sitt, og let seg ikkje påverke av mas og stress i kvardagen.

Med båt og ferje over Laugen av Oskar Letrud
Dei som budd på vestsida av Gudbrandasdalen mellom Vinstra og Kvam var avhengige av ferje for å kome seg over Laugen – før det kom ei smal hengebru ved Kvamsporten i 1952.

Kristensertra – på grensa mot Gausdal av Knut Fossehagen
Vegen til Kristensetra i Sør-Fron var lang både sommar og vinter. Men ressursane på fjellet var viktige for at folk og fe kunne berge seg. Framleis blir denne seterstulen utnytta.

Var han inspirert av Fronskyrkja? Av Jon Ødegård
I 1902 kjøpte Hans L. Melgaard The Springbank Farm i Red River-dalen i USA. Her ville han prøve ut og demonstrere moderne landbruk. Låven han bygde var stor og rundt som Fronskyrkja.

Tidleg vatning i Sødorp av Johannes Brandvol
For om lag 300 år sidan gjekk 13 gardar i Sødorp saman om eit avansert vatningsanlegg. Ein del av anlegget er ftramleis i drift. I dei solvende åkrane er det vassmengda som set grenser for avlingane.

Fersk frøning i Bærum av Jørn Holme
I 1947 ble et gammelt tømmerhus flyttet fra Nigard Tofte i Sør-Fron til Bærum. I dag er det bolig for riksantikvaren, og står på Bærum kommunes verneliste. Trolig er det 300 år gammelt.

Minneord over Ivar Myrstad og Ola O. Røssum
Årsmelding Fron historielag 2011
Årsmelding for Fron bygdatun 2011
Kulturprisar
Medarbeidarar Fronsbygdin 2012

Vi har mykje godt på lager!

Kjøpe Fronsbygdin?

Ønsker du å kjøpe Fronsbygdin? Det er også mogleg å abonnere på Fronsbygdin, du vil da få nyaste utgåva tilsend i posten kvart år.
Ta kontakt med Egil og oppgje kva årgang du vil kjøpe, eller om du vil abonnere.

Alle årgangar 2003–2018: kr  250,–   
Årgangar 2019–2023: kr 300,–
Årgang 2024: kr 330,–

Loading