Innhald i Fronsbygdin 2016

Oppvekst på eit småbruk i Ruste

Else og Pål Øyumshaugen fortel til Tine Elisabeth Slang

På det vesle småbruket Øiumshaugen i Ruste voks det opp ti ungar. Den eldste var fødd i 1937, den yngste i 1957. Faren, Sigurd, arbeidde i Vegvesenet, og familien hadde eit par kyr, to grisar og nokre sauer.

Ein av dei siste slitarane av Anton Løkken

Tidlegare var det mange mindre mjølkeprodusentar på småbruka i dalen. Nå er dei borte. Ein av dei siste i Nedre Sødorp var Hans J. Sandbakken. Han slutta med mjølkekyr i 1972.

Jacob Grønnings barnsdomsminne av Gunnar Lien

Legesonen Jacob Grønning voks opp på Lillehove på Sør-Fron i mellomkrigstida. Alt som smågut la han merke til mykje av det som skjedde i grenda. Dette skreiv han ned mange år seinare.

Drapsskildring frå 1464 av Tore Fevolden

Etter eit slagsmål på Tokse i Sødorp i 1464, som enda med at Torgeir Roarsson Bø døydde, vart noko av den munnlege forklaringa skrive ned. Dette gir eit innsyn i korleis daglegtala var på Fron den gongen.

Hærverk på Prinsehytta i mai 1940 av Arild Teigen

Den 16,. mai tok tyske soldatar seg inn til Prinsehytta i Sikkelsdalen. Kanskje hadde dei vona å finne medlemmer av kongefamilien der. Soldatane drakk seg fulle, og øydela hytta ved å skyte rundt seg.

Handel, handverk og industri i Lia av Gard Espeland

I Lia i Sør-Fron har det vore produsert ferdighus, helsekost, tøflar, formsand, støvsugarar, konfeksjon, trestolar, snurrebassar, gitarar og ei rekkje trevareprodukt. Etter krigen var innsatsviljen stor.

Da Kvikne fekk ungdomslag av Tor Stallvik

Den 11.desember 1898 vart det danna eit ungdomslag i Kvikne – eit samtalelag der deltakarane skulle lære argumentasjons- og debatt-teknikk, og der generell folkeopplysning var målet.

Da Erik Klomstad vart forgifta av trollkattsmør av Arild Teigen

I 1681 skulda soldaten Erik O. Klomstad Barbro Vik for å ha lagt trollkattsmør i nista hans for å forgifte han. Slike skuldingar var ingen spøk den gongen, og det vart rettsak.

Husmannsbruk under Uppigard Rolstad av Odd Jan Skriubakken

Dei mange husmannsbruka til Rolstad-gardane låg i Rolstadlia på vestsida av Laugen. Øvst oppe låg bruka under Uppigard. Berre to av desse eksisterer i dag, Toppen og Ospa – Ospa som ferieheim.

Frøning i gapestokken av Tore Fevolden

I 1694 vart Knud Hansen Fævold dømt til å betale tolv riksdalar, eller om lag ti årsløner, for å ha «besovet» Gunhild Engebretsdatter Lene. Fordi han ikkje greidde å betale, måtte han i gapestokken.

Prest i Sør-Fron gjennom 24 år av Øystein Hov

Gausdølen Sverre Hov var prest i Sør-Fron frå 1950 til 1974. I tillegg til prestegjerninga var han sterkt interessert i kunst og kultur. Og han var også samfunnsengasjert.

Ord frå Fron i Norsk Ordbok av Lars S. Vikør

Norsk Ordbok behandlar ca. 300 000 ord frå dialektane og nynorsk skriftmål, dels baserte på trykte skrifter, dels på setlar innsende av lokale medarbeidarar. Boka Fronsmålet av Gunnar Jenshus er ei rik kjelde.

40 år med pensel og palett av Ola Holen

På dei 40 åra som har gått sidan Vinstra målarklubb vart stifta, har medlemene måla nesten 3000 bilde. Over 50 personar har vore innom klubben som har hatt mange utstillingar på Vinstra.

110 år sidan kroningsferda av Gard Espeland

Korkje før eller seinare har det vore så mange folk på stasjonane i Fron som da den unge kong Haakon, dronning Maud og vesle kronpris Olav reiste gjennom Dalen med tog den 14.juni 1906.

Eit langt liv i kamp for fråhaldssaka av Ole Chr. Risdal

Eit breitt samfunnsengasjement der opplysningsarbeid mot alkohol var viktig, kom til å bli eit vesentleg innhald i livet til Jens Risdal (1914-2000). Han var også aktiv i Gudbrandsdalslaget i Oslo.

Livet i og rundt Furulund på Sjoa av Kjell M. Resset

Lenge før dei kommunale kulturhusa vart bygd, var ungdomshusa fleirbrukshus, som Furulund på Sjoa. Her kunne livet til folk falde seg ut både innanfor og utanfor veggene, og det kunne gå vilt for seg iblant.

Da Edvard Munch gjekk gjennom Fron av Johan Storm Munch

Da Edvard Munch var på veg til Vågå i juli 1985, gjekk han gjennom Fronsbygdene. Han brukte ruta til fjells som var mest vanleg vegen før jernbanen laga heilt nye reiseruter.

Da det kom ein svensk sjarmør til Lo av Tone Anitra Kvernstuen

I 1895 kom det ein svensk ungkar til garden Lo på Vinstra. Her vart han kjærast med tenestejenta Karoline Henriksdatter. Etter at dei hadde gifta seg og fått eit barn, drog dei frå bygda – det enda dramatisk.

Med lang fartstid i butikk. Asbjørn Moen fortel

I nesten 50 år arbeidde Asbjørn Moen i butikk – dei fleste åra på Samvirkelaget på Sør-Fron. Han følgde utviklinga frå den tida da sirupen vart tappa frå tønner til skanning og strekkodar.

Også sorenskrivaren samla ord og namn av Gard Espeland

Sorenskrivar John Randklev på Hundorp var interessert i dialekt og lokale namn. Alt før dei store forskarane tok til å interessere seg for lokale målføre, tok han til å noterer ord og namn frå Gudbrandsdalen.

Ein svenske vurderer Randklev av Rasmus Stauri

Årsmelding 2015, Nord-Fron kulturpris 2015, omtale av medarbeidar 2016

Vi har mykje godt på lager!

Kjøpe Fronsbygdin?

Ønsker du å kjøpe Fronsbygdin? Det er også mogleg å abonnere på Fronsbygdin, du vil da få nyaste utgåva tilsend i posten kvart år.
Ta kontakt med Egil og oppgje kva årgang du vil kjøpe, eller om du vil abonnere.

Alle årgangar 2003–2018: kr  250,–   
Årgangar 2019–2023: kr 300,–
Årgang 2024: kr 330,–

Loading