Han sovna med hovudet mot kuvomma

by | 16. des 2019 | Biografiar, Jordbruk | 3 comments

Historia om Hans Sandbakken, ein av dei siste slitarane

hs2

Hans Sandbakken gifta seg med Elen Hage (1899 – 1974) frå Søre Hågå. Dei fekk sønene Paul i 1918 og Kristian i 1924. Da setra til Hågå på Sulsetra vart seld i 1933, tok Elen ho att på odel og flytta dit med sonen Paul. Hans vart buade att på Sandbakken. Fyrst vart setra drive som fjellgard, men snart var det bygd på nokre soverom til turistar. Saman med soen bygde Elen opp den etterkvart så kjende turiststaden Sulseter fjellstugu. Foto: Anton Løkken.

ANTON LØKKEN: Da eg fekk meg fotoapparat i 1982, vart det mange bilete av ungar, gamle folk, hus og landskap. Ungane er nå vaksne, dei gamle borte og landskapet endra. Å sjå att slike bilde kan vera vemodig. Men dei kan minne ein om at også nåtida blir fortid om ikkje så alt for lenge. Ein av dei eg tok mange ljosbilde av, var Hans Sandbakken (1894 – 1975). Da var han nærare 80 år gamal. Han let seg ikkje uroe av knipsinga mi, men dreiv med sitt i det tempoet som passa han.

Han kunne snu litt på døgnet, kveldsstellet vart gjerne avslutta like før midnatt. Eg opplevde ofte at han satt og «dorma» med hovudet inntil kumagen og nevane om spenene på kua. Og om morgonen kunne han stundom bli for sein når mjølkebilen kom for å hente mjølkespanna. Eg hugsar godt at han av og til kom i full fart med kjerra si gjennom Lykkjomsgarden for å nå att mjølkebilen nede ved Solbrårampa.

hs1

Hans snudde på døgnet litt og kom ikkje støtt i gang med kveldsstellet før nærare midnattstid. Det hende difor at han svamla tå med kjåkån mot den gode og varme kuvomma ei stund før han vart vekt att av eit slag med rompa. Foto: Anton Løkken

Hans var glad i dyra sine. Han prata snilt med dei og godt om dei. Dyra hans hadde på ein måte både personlegdom og særtrekk. Dei hadde namn, ikkje nummer. Om sommaren kunne kyrne hans ofte gå så langt nordover som til stasjonen. Det var ikkje alltid like populært med alle kurukene etter vegen, men som han sjølv sa: «Dyra var her før jernbanen!» Han slutta med mjølkekyr i 1972.

Hans var ein fargerik bohem, ein original slitar. I kalde vintrar kunne vatnet fryse, og da laut han hente vatn i tynner hos Johannes Brandvol på Sygard i ei handkjerre.

«Møkkjakoken» var eit ruvande landemerke litt utpå jordet ved fjøset. Her vart møkka lagt sirleg på plass etter kvart morgonstell. Han var kjent for å vera særs nøye med alt han føretok seg.

Hans var glad i ein prat og ei pipe. Han røykte skråtobakk, så det tok litt tid før han fekk skikkeleg fyr på pipa. Men han hadde støtt god tid. Hans likte å «lage ved» folk, og han hadde mykje å fortelja. Blant kortfatta og saklege sødorpingar var han kanskje den einaste av mannfolka som evna kunsten å småprate.

Hans Sandbakken døydde i 1975 og ligg gravlagd ved kapellet saman med mora og faren og syskena Jon og Marie.

Redigert utdrag frå artikkelen «Ein av dei siste slitarane» i Fronsbygdin 2016.

3 Comments

  1. Anton Løkken

    Her har ordet «møkkjakoken» frå artikkelen vorte feilskrive som «møkkjakroken». Ein «kok» er ein haug, ei dyngje. Morosamt å sjå att. Kvardagsslitarane må få sin rettmessige plass i bøkene. Anton Løkken

Submit a Comment