Frylikongen

by | 18. mai 2016 | Jakt og fiske | 0 comments

Da vi tok storoksen med 21 spir

elg1

Johan Dalseg har jakthatten til far sin, Lodver Dalseg. Det vart sagt at det følgde hell og lykke med jakthatten. «Frylikongen» vog over 300 kg slakta. Foto frå Johan Dalseg.

JOHAN DALSEG:  Året var 1957, og like før jakta kjøpte eg ny rifle. Ein eksportmodell av Husquarna med prislapp kr 950. Dette var frykteleg mykje pengar for ein ungdom, men eg fekk litt avslag og ti patroner med på kjøpet og slo til. På veg til Hundorp stasjon for å hente rifla, trefte eg Hans Scheie, som slengte seg på motorsykkelen og ville bli med. Vi pakka opp vidunderet så snart vi kom ut av stasjonsdøra, eg prøvesikta og sa som så:

´n må vel stupe storuksin au nå lell, Hans

elg2

Jaktlaget i 1957 med «Raua» på Bjørke. «Frylikongen» blir drege med hest og rustningsbukk ved Frylia. Frå venstre Bjarne Jetlund, Johannes Bjørke, Sverre Melgård, Lodver Dalseg, Hans Scheie og Ole Jørstad. Foto frå Johan Dalseg.

Den 3. oktober låg skodda tjukk som graut, men tok til å røre på seg utover mot høgdsdag. Det var dårleg stelt med eigne hundar, og Sverre Melgård gjekk derfor med ei ung gråhundtispe han hadde lånt av Albert Tofte, mens eg brukte ein gamal gråhund Ole Jørstad hadde lånt av Erik Kleiva på Tretten. Denne hunden virka lunken og lat, men vi hadde forsikring om at hunden var god. Sverre gjekk opp i lia litt lenger nord, mens eg gjekk opp frå Frybrua. Hunden virka lite interessert der han lunta framom føtene mine med slakt band. Med jamne mellomrom stoppa han, lyfta på nasen og liksom undersøkte kring seg i den svake vèrtrekken. Han fekk min fulle tillit. Høgt oppe i lia kom nasen skikkeleg i vêret, hunden vinkla mot nord og gjekk med same rolege gange til vi kom til rykande ferske elgspor. «Storuksin» sa eg ved meg sjølv, for så store klauvspor hadde eg ikkje tidlegare sett.

Spenninga steig, og nå gjekk det i sneglefart framover til hunden stoppa og stod urørleg. Ein furulegg vart mellom hunden og meg. Vi hadde utsikt over ei lite myr, og plutseleg fór han med blenkande hovudpryd mellom buskene på bortsida av myra. Nybørsa kom kvasst i skytestilling, men hundbandet vart for stramt, så eg måtte huke meg litt ned.

Haldet var høveleg – eg fekk elgen i sikte, heldt langt fram og følgde med til eg fekk ein fri gløtt og brende på. Eg såg at siktelina kom farleg nær greinene på ein granbuske da skotet gjekk. Alt vart nå så underleg stille kring meg.

Elgen var borte, og eg vart ståande og lytte. Ingenting var å høre – eg måtte undersøkje skotplassen og rusla bort dit. Der fanst det korkje blod eller sprikande klauvspor.

Særleg høg under den vidbremma hatten hans far var eg ikkje, men hunden gjekk stødig på spora. Plutseleg var det blod på ei lita tuve med blåbærlyng. Eg nappa opp ein neve av det blodfarga lyngen, stappa den i baklomma på vadmelsbroka og sa til meg sjølv at nå måtte eg følgje etter om det så bar over fleire prestegjeld.

Smått gjekk det framover der eg prøvde gjera meg opp eit bilde av kva som hadde skjedd, for eg var innstilt på ei lengre pause. Men, sjå der var meir blod, mye blod og sprikande klauver etter ustø gange – motet og hunøret gjekk rett til vêrs.

Sverre hadde hørt skotet, kom fort, og glad var eg for å få hjelp. Sverre kunne fortelja at han to gonger om dagen hadde gått fordi denne plassen, og båe gongene hadde ungtispa nyvast og hengt rompa. Truleg hadde ho hatt teft av storoksen, men motet hadde svikta, men no tok ho att i rikt monn.

Litt moro hadde vi da vi trefte att dei andre og fortalde at vi hadde fått storoksen med 21 spir. Ingen ville tru det og dei berre bles av beskjeden vår. Ikkje før Sverre langa fram ein skikkeleg indrefilèt, fekk pipa ein annan låt. Nå skulle det bli fest med biff!

Redigert utdrag frå artikkelen «På jakt etter storelgen» i Fronsbygdin 2010-2011

0 Comments

Submit a Comment