Han etterlet seg ein stor arv

Fullsett i Kviknekyrkja ved Olav Åsmundstad-markeringa

– Olav Åsmundstad brukte dei beste åra sine på folkeopplysning, sa Rasmus Stauri i hovudtalen i Kvikne kyrkje.

Meir enn 90 var samla da mållaget og historielaget inviterte til ein rik kveld i Kvikne 5. juni som markering av at det er 100 år sidan Olav Åsmundstad døydde. – Det er ein stor arv han etterlet seg. Derfor er 100-årsminnet hans verdt å minnest og stoppe opp ved, sa Rasmus Stauri i hovudtalen i kyrkja. Olav Åsmundstad vart fødd i 1850 og levde til 1925. Gjennom desse 75 åra forandra Norge seg frå eit jordbrukssamfunn med naturalhushald i mindre, avstengde bygder – til eit samfunn med pengehushaldning. Veg og jernbane, dampbåt og telegraf batt landet gradvis i hop, og befolkninga auka sterkt, så sterkt at folk i hopetal laut bryte opp og flytja til Amerika. Det var i dette spenningsfeltet Olav Åsmundstad frå Søre Åsmundstad veks opp. Spenninga mellom det gamle, tradisjonelle og det nye. Ikkje minst norskdomstanken med eit nytt, eige språk med rot i dialektar. Det var ei kulturell grotid. Her høyrer Olav Åsmundstad heime. Han kom til å bruke dei beste åra sine på folkeopplysning, den norske folkehøgskulen og opplysningsarbeid for ungdom på bygdom.

Det var stinn brakke og vel så det da Ola Masseng Sylte fortalde om museet og mannen. Tett av folk både i stua, i kammerset, på kjøkkenet og på verandaen.

Mange var i elden denne særs innhaldsrike kvelden. Det heile opna i museet Borg like ved kyrkja, der Ola Masseng Sylte fortalde om Olav Åsmundstad og museet. Så mykje folk og så trongt har det aldri vore i muséet. Roger Slåstuen og Geir Thorud spelte slåttar frå Kvikne og Skåbu i kyrkja, Kristian Ekre fortalde om kyrkja, historia og restaureringsarbeidet, og Camilla Granlien song songar ho har etter Kristian Åsmundstad. Og fekk møtelyden med på fleire salmar.

Ein verdig og god markering til å bli litt klokare av.

Loading

0 Comments

Submit a Comment