Historia om kuffertkremmaren Olai Olsen, som ôg var lokalavis

Det har ikkje vore råd i finne eit foto av Olai Olsen. Men dette bildet frå Domkirkeodden fotoarkiv syner to kremmarar som syner fram varene sine
GUNNAR LIEN: Eg kjem i hug Olai Olsen (1892-1974) som en høg senesterk kar med mørkt kraftig hår som vart grått med alderen. Som oftast gjekk han kledd i en stor frakk, og det er som kuffertkremmar Olai fyrst og fremst blir hugsa. Da han vart sengjeliggjande og ikkje kunne klare seg sjølv heime lenger, fekk han plass på Sundheim på Vinstra, der han døydde 13. mai 1974, 82 år gamal. Og sjølv om det da var gått fleire år sidan han hadde vore ute og gått med kufferten sin, var det mange i bygda som kom til å sakne han. Olai hadde liksom vore ein frisk pust i bygdamiljøet, ein kar som var mykje omtala, ja, på sin måte var han ein personlegdom.
Varene han selde, skreiv han etter frå ymse leverandørar, mellom anna frå Utstyrsmagasinet, og så fekk han dei sendt til jernbanestasjonen på Breivegen. der det ôg var postekspedisjon. Han var flink til å få tak i gode og populære varer, sjølv når det kunne vera ganske vanskeleg i dei fyrste åra etter krigen.
Men han kunne ôg kjøpe varer frå butkkar i bygda og selja dei ut att til høgare priar. Det vart fortald at ein gong han var innom landhandleriet på Jensbakken, hadde dei nyleg fått inn eit parti med barberblad. Olai kjøpte da like godt alt som var av barberblad i butikken. Da han var kome ut att, traff han broren Alf, som var på veg inn for å kjøpe seg nettopp barberblad. I butikken var det nå tomt, slik at Alt måtte kjøpe att barberblada av Olai, men nå var prisen fordobla. Det er ikkje noko brorskap i kortspell, som det heiter.
Olai var en god handelskar, flink til å by fram varene sine, og han hadde mang ein god handel der han var innom. Men han rakk ikkje så mange kundar på ein dag. For Olai ga seg svært god tid. Han skulle ikkje berre by fram varene sine, nei, han skulle prate om alt mogeleg som opptok han, og det var så mykje. Og han var ein krevjande samtalepartnar, som rakst kunne skifte tema, slik at ein måte vera konsentrert for ikkje å detta av lasset i svingane. Men Olai svara seg sjølv når ingen andre svara han. Slike kunne det lett gå både ein og to timar før han kom seg av garde til neste kunde. For dei som var særleg nyfikne på alt som gjekk føre seg i bygda, var Olai ei gullgruve, for han visste om det meste og var meir enn viljug til å fortelja.
Når han skulle bera varane med seg i ein kufftert, måtte dei ikkje vera for tunge eller ta for stor plass. Men det var likevel heilt utruleg kor godt vareutval han greidde å få med seg. Barbersaker, såpe, sjampo, kammar, hårnåler og hårspenner. Mesteparten var nok for kvinnfolka, ettersom det var dei som heldt seg mest ved huset. Det var smal og brei strikk med eller utan hol i, og det var bendelband. Knappenåler, synåler, stoppenåler og sikkerheitsnåler. Knappar, trykknappar og glidelås i ulike storleikar og fasongar. Noko som var av særleg interesse for damane og truleg litt også for karane, var damundertøyet. For Olai hadde med seg både nylonstrømper, brysthaldarar, hoftehaldarar og dameunderbukser. Dei fanst forutan i ulike storleikar i dei to fargane kvit og rosa. Olai argumenterte med at desse underbuksene var ekstra solide, fordi dei hadde dobbelt søm i skrittet. Så var det dukar, broderi og ymse slag pynteting til heimen.

Ikkje kufferten til Olai, men det var vel omgrent slik han såg ut. Bilde frå Lindesnes bygdemuseum
Vi ungane syntest det var så spennande å sjå ned i den store kuffterten til Olai, for han hadde noko for oss ôg. Både skrivesaker, teiknesaker, glansbilder og ymse slag av barnebøker både for dei minste og litt større.
Olai fekk som oftest maten der han var innom, og for å syne at han sette pris på dette, kunne han vera gåvmild. Mor fortalde at da eg var liten etter krigen og det var mangel på det meste, hende det at ho fekk eit lite såpestykke eller ei tube med sjampo av Olai. «Dette skal du ha til guten din,» sa han da.
Sume av dei andre kuffertkremmarane på Olai si tid gjekk ikkje inn på dei større gardane, truleg fordi dei ikkje kjende seg noko særleg velkomne der. Men Olai hadde ikkje slike hemningar. Han gjekk like godt inn hos både høg og låg, og han kjende kundekrinsen sin godt, visste kva dei hadde bruk for. Det vart fortalt at han ein gong pakka opp eit parti med dameunderbukser. Og da han kom over ei underbukse av god storleik, sa han: «Ja, denne må je bort te a Guri Isum med.»
Det hende ôg at Olai var så frekk at han kunne gå inn på landhandleria i bygda for å handle med kundane som var inne der. Å få ein slik konkurrent rett framfor disken skulle ein tru ville føre til bortvisning, men slik var det ikkje med Olai. Butikkremmarane den gongen var så romslege at dei let han få drive på med handelen sin. Kanskje såg dei underhaldningsverdien i å få besøk av denne originale karen.
Olai var ôg kjent for å selja kondomar, eller kordongar som dei helst var kalla den gongen. Dette vekte nok meir merksemd da enn det ville gjort nå. Og som det høvde seg for ein seljar av slike varer, synte han stor varsemd med kven han baud varene sin fram til. Han bar dei helst med seg i ryggsekken eller i frakkelomma, for at dei ikkje skulle kome til syne når han opna lokket på kufferten. Aldri når det var barn til stades og berre når høvet baud seg, baud han dei fram, men da slo han også på stortromma. Da skrytte han av at kordongane hans var av ein slik høg kvalitet at dei kunne tåle fire liter med vatn, og at dei kunne brukast om att to gonger.
Litt forenkla kan vi vel seia at Olai gjennom dette salet medverka til at det i hans tid vart slutt på dei store syskenflokkane som var ganske vanleg tidlegare.
Redigert utdrag frå artikkelen «Olai – kuffertkremmar og lagstav» i Fronsbygdin 2014.
Det var stoppested og ikke stasjon på Sør-Fron.
En av naboene til Olai var Anna Svingen (Bodding). Hun fortalte at da Olai kom inn en kveld for en prat og klokka ble mye, sa hun til han at nå må jeg gå og legge meg, så det er fint om du slukker lyset når du går. Det lovte han å gjøre. Anna hørte at han satt og pratet en halvtime til før det ble stilt og hun hørte han gå.
Bror has, Alf, er bestefar min og var mye innom Bredeveien og besøkte han, men var nok litt redd han av og til når han sto i døråpningen og fortalte om vær og vind. Han var ganske så høgrøsta. Da var bestemor Annas hand god å ha. Astrid er min mor… onkel Johan og tante Margit. Alt er bare minner og alle er borte …
Interesant!
🙂
Jeg er slekt av Olai og Alf’s bror Johan. Har bilde av Johan og en annen bror Martinius om det skulle være ønskelig.