Erling Tagestad og Oliver Bakstad er kjentfolk på turen

Med Dagningen i Augeldalen var Erling Tagestad og Oliver Bakstad. Her er dei på nybrua, som Harpefoss idrettslag, dei og andre gode hjelparar har bygt over Augla nedanfor Bakstad.
DAGNINGEN 17.10.1991: Dalføret opp frå Jensbakken på Sør-Fron er ei av dei mange markerte «bekkekløftene» i Gudbrandsdalen. Denne dalen, Augeldalen, er frå gammalt intenst utnytta. Den har gitt beite – spesielt til dyr frå dei mindre bruka i området. Vatnet i Augla er nytta til kvernhusdrift og til anna behov på gardar med vassrett, i dette tilfelle på Rudi. Ikkje mange bruker denne sørvendte dalen i dag. Men Harpefoss idrettlag, og først og fremst Asbjørn Nustad, er nå ei drivkraft i å gi dalen nytt innhald.

Augla i vinterskrud. Foto: Arne Hernæs
Saman med kjentmenn som Oliver Bakstad og Erling Tagestad har Bjørn Nustad og andre gått igang med skogrydding etter gamle tømmervegar og stigar i dalen. Løyper er oppmerkte og bruer er, og skal, byggjast over Augla. Hit er det meininga å lokka sør-frøningar til å oppleve «uventa» natur i eige nærmiljø. Mykje historie – og ikkje minst ein del sjeldan botanikk for desse breddegradane – er knytt til Augeldalen. Naturmagasinet i fjernsynet hadde for nokre år sidan ein reportasje om Augeldalen.
Den gamle rettarstaden på Fron var på Galgehaugen ved Augla.
Dagningen hadde med seg Bakstad og Tagestad som vegvisarar i delar av Augeldalen. Båe har god kjennskap og kunnskap om denne frodige dalen. Oliver Blakstad er nærmast ein del av den. Han er vaksen opp på Bakstad – heilt på kanten av dalføret – og har framleis

– og om sommaren
bruket. Erling Tagestad er frå Nørdre Tagestad – like ved det også. Nå er det ikkje så ofte dei går turar i dalen, desse 1918-modellane. Men lette på foten og fulle av forteljariver viste dei veg på bratte og til dels kronglete stigar.
Les den dramatiske historia om da Einar og hesten skulle ta seg over Augla.
Det er først og fremst oppmerkinga av stigane som har ført dei attende til Augeldalen. Dei meiner initiativet frå Harpefoss idrettslag, med Anders Nustad som drivkrafta, er verdfull. Dei to vil vere med og påvise gamle aktivitetar og nærmast attgrodde stigar. Ein slik er den gamle Kalstigen frå bruket Kalstad på austsida. På skrå går den i nesten stupbratte lia til i dalbotnen eit godt stykke ovanfor Nedre fallet – og opp att på austsida. Slike stigar som det er vanskeleg å oppdage, er det fleire av. Etter kvart kan dei opnast att i samband med at hovudstig-nettet i dalen blir markert og gjort meir tilgjengeleg for folk flest.
Eit viktig utgangspunkt for «hovudvegen» gjennom Augeldalen blir barndomsheimen til Oliver Bakstad. Derifrå fører ein bratt traktorveg nesten ned til dalbotnen. Dugnadsfolk har alt laga ferdig ei solid bru over Augla på denne staden. Stigen oppover dalen er merkt med turistforeinings-raudt. Etter noen hundre meter svingar den nesten 180 gradar rundt og krek seg oppover den bratte dalsida mot Smestad og Dalsegg. Oppi eit stykke er det nye 180 gradars sving oppover dalen. I dalsida held den seg så til ovanfor Nedre fallet. Der lagar dalen eit platå. Vidare går stigen langs den heller flate dalbotnen oppover til staden der Kalstigen kjem ned frå dalsidene.
Og nettopp her skal nybru nummer to kome for å lose turgåarane trygt over elva, som ikkje er så vriden å ta seg over på denne staden. Men det vil sjølvsagt gjere fotturen lettara og meir innbydande. Ved elva her er det vidare og flatare enn i store delar av dalen elles. Her er rik vegetasjon og mannshøge bregner. Held ein dei unna, høver staden godt som rasteplass, kanskje med opplysningstavler. Herfrå kan turgåarar anten velje å gå nedover att langs vestre dalsida på en nyrydda tømmerveg fra 1960-åra, eller halde fram oppover dalen. Vel ein tømmervegen attende, held ein seg heile tida på kantan av stupet – anten det er stupbratte, skogkledde lia eller enkelte snauare stup rett i dalbotnen.
Den nyrydda tømmervegen endar midt i lia i bilvegen opp mot Kvarvet. I dette området møter ein også veghistorie. Der er det klare trasear etter tidlegare tiders vegsamband. Vi ser både den gamle kjerrevegen og ein nyare førkrigsveg, som også kunne brukast av mjølkebilen.
Sjølve Augeldalen endar ved Kvarvet. Og ved Rørosvadet, der bilvegen frå Harpefoss kryssar Augla, flatar dalen heilt ut.
0 Comments