Stor interesse for Fronsbygdin

Nå er det tid for bok! Og har du ikkje sikra deg godbiten Fronsbygdin 2020, kan det snart vere for seint, for lageret er bortimot tømt, seier boksansvarleg i historielaget, Egil Myhre. «God spennvidde i tid og tema frå historielaget», skreiv Dølen om boka. Egil Myhre har sendt ho ut til heile landet, frå Jæren i sørvest til Hammerfest i nord. Omlag 80 pakker med bøker gjekk ut. Eit område skil seg ut: Indre Østfold i Viken fylke. Hit gjekk det fleire bokpakkar enn til nokon annan stad. I nokre år har det vore ei ordning med at du kan abonnere på Fronsbygdin og få ho uoppfordra tilsendt i posten. No i haust glapp det litt, men det er berre å melde interesse til [email protected] tlf.: 970 67 723, så kjem Fronsbygdin 2021 i posten lanseringsdagen.
Også eldre årgangar av Fronsbygdin går unna. Egil Myhre trur det kan vere slik at folk ser på heimesida at det har stått noko om oldemor, og så vil dei ha boka for å lese heile artikkelen og mangt anna av interesse. Er du på jakt etter eldre årgangar, ta kontakt med Egil, så kan det vere at du får eit godt tilbod. Klikkar du på overskrifta Innhald i alle årgangane av Fronsbygdin nede til høgre her på denne sida, finn du oversikt over alle artiklane i alle årgangane sidan 2003. Er tittelen på artikkelen blå, kan du lese utdrag av han her på heimesida. Kjøper du boka, får du alt saman.
Einar Hovdhaugens Gardar og slekter bind 2 Nord-Fron er mange på jakt etter, men ho er utseld frå historielaget. Her er berre bind 1 på lager. Så lenge det varar. Har du desse bøkene liggjande og veit du ikkje kjem til å bruke dei, ta kontakt med Egil, så formidlar han kontakt med evt. kjøpar. Men Fronshistoria bind 2, tida etter 1945, av Ragnar Øvrelid, er framleis på lager.
Hei
Min tipp tipp oldefar kommer fra en gård i Nord- Fron
Han er født i 1853, finnes det noe fra den tida bygdebøkene?
Det gjør det. Du kan lete i oversikten over innholdet i Fronsbygdin her på heimesida.