Heidal- ei politisk slagmark i 1930-åra

by | 22. mar 2024 | Informasjon | 0 comments

Meir på årsmøtet 11. april på Dale-Gudbrands gard

Meld deg inn i Fron historielag, så kan du vere med på årsmøtet 11. april klokka 19 på Dale-Gudbrands gard og få med deg ei særs interessant historie om fascismen og fylkingsvegen i Murudalen. Kva var Arbeidsfylkingen og korleis påverka den Heidal i dei åra den var aktiv i bygda i mellomkrigstida?

Det er lokalhistorikaren Arild Teigen som fortel om at Heidal var ei «avlaus» politisk slagmark i mellomkrigstida. Politisk polarisering, personkonfliktar, sosial uro og grim naud utgjorde ei eksplosiv gryte av strid. I 1933 kom organisasjonen Arbeidsfylkingen til bygda for å bygge veg inn i bureisningsfeltet i Murudalen.

Arbeidsfylkingen vart leia av Walter Fürst, som òg var ein sterk pådrivar for danninga av partiet Nasjonal Samling i 1933. Fürst vart propagandaleiar i det nye partiet og var ein av dei mest sentrale figurane i norsk fascisme i mellomkrigstida.

Det blir òg årsmøtesaker saman med kaffe og rundstykke – og attpåtil får du høyre rekruttane frå Sør-Fron spelemannslag!

Alt ligg til rette for ein triveleg kveld!

0 Comments

Submit a Comment