Her kjem det mange gode historier!

Meir enn 40 vil skrive for Hemgrenda og Fronsbygdin

Stor interesse for å skrive lokalhistoriske artiklar! Foto: Rasmus Stauri

Over 40 møtte for å lære meir om å skrive lokalhistoriske artiklar til Hemgrenda og Fronsbygdin, da Fron historielag og Ringebu historielag arrangerte skrivekurs på Hundorp laurdag 27. januar. Torveig Dahl, som er leiar i Landslaget for lokalhistorie, fortalde om korleis ein kan gå fram for å få til gode og interessante artiklar for eit breitt publikum Dei to redaktørane, Jon Ødegård frå Ringebu og Rasmus Stauri  frå Fron, fortalde om sine erfaringar gjennom fleire år. Det vart rom for både spørsmål og svar, kaffi og gode rundstykker og kaker. Eit gruppearbeid på slutten av dagen synte at stofftilgangen for framtida blir god. Redaktørane kan sjå lyst på framtida etter idemyldringa å dømme. Her var det fleire skribentar, både ferske og erfarne, som kom med synspunkt og forslag til nye emne for komande årbøker. Hemgrenda og Fronsbygdin er historia om lokalhistoriske årbøker med stor suksess. Hemgrenda har kome årvisst sidan 1977 og Fronsbygdin sidan 2003.

0 Comments

Submit a Comment