Fronsbygdin 2014 maktar på ein heilt annan måte også å fengje ein yngre generasjon av lesarar enn det som sume gonger har vore tilfelle, skriv redaktør Bjørn Sletten i Dølen. Årsaka er at fleire av artiklane denne gongen strekkjer seg i tid fram til våre eigne dagar. Personlege opplevingar står i førarsetet, og med eitt blir historia levande.
Olav Bratlands artikkel om sine 41 år som tilsett ved Vinstra vidaregåande skule er kanskje den viktigaste artikkel som er skrivi i eit lokalhistorisk verk dei siste åra, og alle som vil prøve å forstå konfliktane og utfordringane rundt den vidaregåande skulen vår, bør ta seg tid til å lese artikkelen hans. Likeeins er Sigrun Slapgards artikkel om polferder i eit barndomslandskap i Ruste eit kroneksempel på at historisk stoff ikkje treng vera tørt og kjedeleg.
Bjørn Sletten skriv vidare at det er gjort eit svært grundig tekstleg arbeid:
Fronsbygdin, slik den står fram nå, er ikkje berre viktig for å ta vare på historia. Den er ein svært viktig reiskap for å ta vare på nynorsken som målføre i Midtdalen, og er ein av få arenaer der den fronsdialaktnære nynorsken blir lyfta opp og fram.
Eit lite hjartesukk har han:
Det grafiske arbeidet er ikkje akkurat up to date, som det heiter på fagspråket. Skal bøkene ha eit håp om å nå eit yngre publikum, må ein tørre å ta nokre grep også her.
Fronsbygdin 2014 kostar kr 230 og er til sals i fleire butikkar eller på nettet:
[email protected]
0 Comments