Historia om Kvarvet

by | 23. sep 2014 | Jordbruk | 0 comments

Kvarvet til venstre. Bildet tatt frå hangglider. Foto: XC Paragliding

Kvarvet til venstre. Bildet tatt frå hangglider. Foto: XC Paragliding

RAGNAR ØVRELID: Kvarvet, eller Ulkvarv (folk frå bygda sa Augelkvarv) var frå slutten av 1800-åra heimsæter under Nordgard Dalsegg. Kvarvet ligg 847 meter over havet, og gardane her er mellom dei som ligg høgst i landet. Det var sel på sætra til sommaropphald, og løe og fjøs til ein seks-åte naut. Sætra hadde ei stor inngjerda kve på 40-50 mål, og fire-fem mål var dyrka. I 1920-åra leigde Nordgard Dalsegg bort sætra til garden Jota, som betalte halve fôret på kvea i leige.

Kvarvet. Bilde frå Arne Hernæs

Denne heimsætra var det første bureisningsbruket i Sør-Fron. Eigaren, Andreas Dalsegg, fekk sætra fråskild som eit eige bruk i 1927 og overdrog det til sonen Roar, Roar, broren Arne og faren tok til å rydde jorda. Dei bygde om husa til heilårsbruk. Uthuset i 1931, stova i 1932. Husa var i dei første åra bortleigde til andre bureisarar på Kvarvet. Men i 1937 overtok Arne Dalsegg bruk og hus og budde der sidan.

Da hadde Roar, Arne og faren rydda jord i 10 år. Dei rothogg bjørketrea kringom stammen og drog trea opp, først med handmakt, sidan fekk dei stubbebrytar. Andreas sleit seg til brokk på dette arbeidet. Deretter pløgde dei opp jorda med to hestar. Det måtte vere rolege dyr som var vane med stein. Til trekkraft leigde dei gjerne dei to kommunehestane til Sørt-Fron, for kr 1,75 dagen. Med to hestar og plog og tre-fire karar med ei dagløn på 2 kroner, kunne dei pløye opp eitt mål kvar dag om dei var heldige. Dei fekk bureisingsstøtte til bruket frå 1928.

I 1937 flytte Arne Dalsegg inn i husa og overtok bruket. Da hadde det dei to siste åra kome fem bureisarar til i grenda. Dei hadde fått kjøpe jord av kommunen, 100 mål kvar, for 15 kroner målet. Mykje av arbeidet vart gjort med dugnad og grannehjelp. Det var eit slitsamt og einsamt liv på Kvarvet den første tida, særleg for kvinnene.

Karane såg vi nede i bygda av og til, men konene mest aldri

seier folk som hugsar den tida.

Bureisarane fekk barn, og det var vanskeleg med skoleveg. Derfor fekk grenda frå 1939 sin eigen, udelte småskole, som gjekk på omgang i husa, til ut i 1940-åra. Frå dalen var det ein bygdeveg fram til Korsbakk. Derifrå til gards var det ofte vanskeleg å kome seg fram. Så bureisingsbruka på Kvarvet leverte ikkje mjølk til meieriet før i 1946. Dei kverna smøret sjølve.

Bilde frå Google Maps

Bilde frå Google Maps

Arne Dalsegg hadde innlagt vatn frå brunn alt første året han budde her. Han hadde også telefon frå starten og radio. I krigsåra fekk bruka på Kvarvet elektrisk straum, samtidig som Kile på vestsida av Augla.

I dei første åra prøvde Arne Dalsegg seg med tidleg haustrug nede i bakkane. Men sidan har alle bruka på Kvarvet konsentrert seg om grasproduksjon.

Dei merka lite til krigen på Kvarvet. Her var det ingen NS-folk, og tyskarar såg dei i grenda berre ein gong, under ein rassia etter rømde krigsfangar våren 1945.

Etter krigen kom det fart i nydyrkinga igjen. Sør-Fron kommune kjøpte bulldosar saman med Ringebu i 1947, og nydyrkinga på Kvarvet var eitt av dei første oppdraga til maskinen. Sidan overtok private maskinfirma dyrkingsarbeidet.

Arne Dalsegg bygde den første siloen i grenda, i 1950. Han utvida løe og fjøs og installerte elektrisk mjølkemaskin i 1952. Første traktoren i grenda kjøpte Anton Morken i 1951. Arne Dalsegg fekk sin første i 1957. Han dyrka i alt opp 130 mål eng medan han hadde bruket. I 1977 flytta han ned til Harpefoss og budde der som pensjonist.

Sonen Audun Dalsegg og kona Synnøve Hvattum overtok bruket i 1977. Audun hadde landbruksskole og hadde vore styrar på ein gard ved Elverum i mange år. Der hadde han mellom anna lært seg om landbruksmaskinar. Det kom ved med å vere sjølvhjelpt med slikt, det er langt til verkstad frå Kvarvet.

Audun Dalsegg har dyrka opp 200 mål til sidan han overtok. Han har bygt på løa og fjøset flerie gonger, han har skaffa seg fôrhaustar, høytørke og mykja anna utstyr. Han fører sjølv rekneskapane for garden.

Frå boka Historia om Fron bind 2

 

Frå Maihaugen:

Kvarvet har ôg havna på museum. Her er Åseng mens det lå på Kvarvet. Foto: Kåre Hosar/Maihaugen

Anton Morken kjøpte bruket Åseng i 1933. For 205 dekar betalte han 1905 kroner. Det var 100 dekar dyrkbar jord, 39 dekar nåleskog og 66 dekar vedskog. Han var 35 år gammel og giftet seg på denne tiden med Karen. Sammen ble de bureisere på Åseng. De fikk satt opp våningshus og driftsbygning, og i 1934 kunne de flytte inn. De hadde fått 1800 kroner i statsstøtte til bygging av uthuset og 6000 kroner i lån fra Norges Småbruk- og Bustadbank. Lånet var rentefritt i fire år.

Husene var bygd etter typetegninger. Derfor var alle bureisingsbrukene i et distrikt like. Men det kunne variere om våningshuset var laftet eller bygd av bindingsverk. De som hadde god tilgang på tømmer bygde ofte laftede hus, men det tok lenger tid før de kunne tas i bruk enn med et bindingsverkshus. Huset måtte sige først før vinduer og dører kunne settes inn.

På Åseng er huset en bindingsverksbygning i halvannen etasje. Anton Morken gjorde nok mye selv, men han skulle samtidig dyrke opp jorda. Han hadde hjelp av Harald Strand, en tømrer fra bygda, til å bygge huset. Både våningshuset og driftsbygningen var moderne i tiden, selv om standarden var enkel. De var likevel alderdommelige i formen i forhold til de modernistiske funkishusene som på samme tid ble mote i landet. Mange misunte bureiserkvinnene de nye husene som var lettstelte i forhold til det mange var vant til. Det er et midtpipehus med kjøkken, spiskammers, kammers og stue i første etasje. I andre etasje er det loftsboder og to store rom. Det er kjeller under halve huset med bryggerhus og matkjeller. Til kjelleren var det egen dør utefra til bryggerhuset, men det var også kjellerlem og trapp ned fra kjøkkenet. Bryggerhuset hadde takke og bryggerpanne. Der ble det bakt flatbrød og vasket klær.

Huset var stort til familien på Åseng. Anton og Karen hadde bare ett barn. Sønnen ble født det året de flyttet inn på Åseng. Til daglig var det kjøkkenet og kammerset som var i bruk. Kammerset var soverom for hele familien. Kjøkkenet og spiskammerset var arbeidsplassen for kona på garden. I begynnelsen var det parafinlamper, men i 1942 fikk de lagt inn elektrisitet. Men fortsatt var det vedkomfyr på kjøkkenet. Elektrisk komfyr kom rett etter krigen. Vann måtte bæres inn de første årene. I 1948 fikk de utslagsvask og innlagt vann.

ÅPEN GARD: Traktor, dyr, sosialt samvær og kumøkkbingo er noe av det folk kan få oppleve under arrangementet Åpen gard hos Wenche Kvebu og familien på Bjørli, Kvarvet i Sør-Fron søndag. Foto: Kristin Veskje, GD 21.08.2013

 

 

 

 

0 Comments

Submit a Comment