Husmannen – einaste mulege løysing på folkepresset

by | 25. des 2013 | Jordbruk | 0 comments

Bøndene hadde ein sunn motvilje mot oppdeling av gardane

husmannstue copy

Husmannstue. Foto: Pål Kluften

EINAR HOVDHAUGEN: Domen over husmannsskipnaden har vore heller streng. Sterkt engasjerte kjensler, sosiale motsetningar og politiske synsmåtar har her farga synet. Den objektive historiske vurdering av husmannsskipnaden har vi enda ikkje fått. Her er både lys- og skyggesider. Historisk sett kan ein truleg sjå husmannsskipnaden som den einast mulege løysing på det folkepress Fron opplevde. Som rydningsbolk hører rydningsbolken til husmennene til dei store landnåmstider i bygdahistoria. Vi må døme ein tidsbolk ut dei midlar og resursar dei den gangen rådde over. Vi må ikkje sjå oss så blinde på sosiale motsetningar og ulik økonomisk evne som voks fram, så vi gløymer den levande menneskelege kontakt det har vore på tvers av alle murar og skilleliner.

1507606_418567854913308_1276690549_nHusmannsskipnaden går neppe så mykje over ein 300 år tilbake i tida i bygdene her. Dei første husmenn på Fron er oppstått på 1600-talet. sorn ei følge av aukande folkepresset og lenge var husmennene svært fåtallige i bygdesamfunnet. Først etter at bøndene vart eigarar av gardane sin på 1700-talet, synast husmannsskipnaden ha fått noko vidare omfang. På 1500-talet synast folkepresset, som vel enda ikkje var så overveldande, stort sett å ha funne avlaup i rydding av nye små gardar.

Det er ei veldig rask utvikling som her har gått for seg. Frå å vera nesten ukjent blir husmannen i løpet av 100-150 år det absolutt største folkeskiktet i bygdasamfunnet. Det fortel om sterk folkevekst og aukande folkepress. I talet på heimar er ryddinga av husmannsplassar den største rydningsbolken bygda har hatt. Det vart skapt nye grender, og heile kulturlandskapet i bygda vart endra. For eks. heile søre delen av Skodal er rydda som husmannsplassar under gardar i Rysland. Det tøygde busettinga opp mot utkantane og tok i bruk ny jord. Og den rikelege arbeidskraft husmennene representerte, førde til stor nydyrking, auka forsanking, større krytyrhald og ein rik framvokster på dei fleste gardar på 1700- og 1800-talet. På 1800-talet hadde vi på alle måtar ei maksimal utnytting av dei resursar bygda rådde over, ut frå den tids evne til å nyttegjera seg resursane.

Nokor opphaveleg underklasse i bygdasamfunnet representerte ikkje husmennene. Det var oftast yngre søsken på gardane som på denne måte fekk skape seg ein heim, med  tilknytning til garden og med støtte av garden. Dei eldste husmannsplassar ligg ofte nære garden, og synast delvis vera rydda i hamnehagar eller halvkultivert jord som låg til garden.

Gjennom heile husmannstida er det ein viss overgang frå bondeklassa til husmannsklassa. Det var nå eingang ikkje gardar til alle. Og det hende og at folk gjekk frå gardane. Men husmannsklassa var i høg grad sjølrekrutterande, og dei opphavelege slektsbanda mellom husmann og bonde blir etterkvart fjerne og gløymde.

Den historiske utvikling av husmannsskipnaden synast nærmast å ha vore uavvendeleg. Jordbruket var den einaste næring til å absorbere folkeoverskottet. Deling av gardane var ikkje nokor løysing. Det var i allefall ei løysing som sette si trange grense. Bøndene hadde ein sunn motvilje mot oppdeling av gardane. Likevel ser vi at enkelte gardar blir så oppdelte at det økonomiske og næringsmessige grunnlag blir undergrave.

Og fri rydding i utmarka ville heller ikkje ført fram. Ut frå den tids dyrkingsmetodar var dei tilgjengelege areal av dyrkingsjord avgrensa. Det synast faktisk som om den støttebruksordning husmannsbruka var, var den einast mulege løysing. Dei gav stort sett ein relativ trygg arbeidsplass, rett nok under meire eller mindre armodslege tilhøve. Og garden gav ei trygd, som vi i vårt sosiale velferdssamfunn har vanskeleg for å verdsette og forstå. Mangla ein såkorn, vart ein i beit for mat eller klede, eller det var spørsmål om ei lita førå når ein gav opp plassen, så kunne det som regel ordnast gjennom garden. Naturlegvis mot å arbeide det oppatt på ei simpel husmannsløn. Men ein vart ikkje i beit. Og det betydde mykje.

1400538_406724552764305_1998096534_oVi har døme på folk som på eige hand rydda og bygde seg ein plass i utmarka, som faktisk bad om å bli husmann under ein gard, avdi dei kjende det som ei trygd. Det var tilfelle med plassen Bekken under Steig. Mannen som rydda og bygde plassen i utmarka, utan at nokon la nokon vanske i vegen for han, fann ut at skulle han leva nokonlunde trygt, måtte han få ei ordning slik at heimen hans vart husmann under ein gard. På denne tida var ikkje bøndene interessert i å få fleire husmenn. Han gjekk til Bedal, Steberg og Rudland og bau fram denne rydningsplassen sin. Men dei var ikkje interesserte. Da han kom til Steig forbarma bonden der seg over han, stik at han fekk vera husmann der. For oss kan dette synast merkeleg, men for husmannen låg det ein realitet i det.

Korleis var så husmannskåra? Dei viser store variasjonar, frå relativt gode kår til armod, med slagside mot det siste. Ein del skifte som finst frå husmannsbruk, viser at så reint ille har det ikkje vore alle stader. Men dei færraste hadde noko å skifte. Tar vi for oss folketellinga av 1865, da husmannsskipnaden var på topp, ser vi at mange plassar hadde ikkje så lite dyr, eller avla ikkje så reint lite av poteter og korn. Men her er store variasjonar.

Husmannen måtte betale husleige til husbonden, men han slapp dei fleste skattar, og hadde ikkje gjeld å slite med på same måte som bonden. Med det naturalhushald som rådde, og med den strenge økonomisering av sitt hushald desse folka var oppdratt til, kan det ikkje ha rådd berre nakne armoda, sjøl om sikkert mange av dei har hatt det vanskeleg nok til sine tider. Men desse her utgjorde berre vel halvparten av husmennene i bygda.

I 1865 er det i Sør-Fron 91 husmenn som har frå 1-2 naut, og ofte nokre småkryttyr. Nokre få har berre nokre geiter eller sauar. Det er folk som sit på dei yngre sveltihelplassane som folkepresset skapte. Dei fleste av desse levde i stor armod. Dertil kjem 38 husmenn utan dyr, og som regel utan utsede. Det er jordlause husmenn, som sit i ei stugu utan jord, eller med ein skrinn jordflekk kring stugua, Dei representerar den største armodsdom inna husmannsklassa.

På 1800-talet sprengde folkepresset alle grenser. Bygdesamfunnet stod avmektig når det galdt absorbere folkepresset på ein menneskeverdig måte. All jord som ut frå den tids krav var brukbar, var tatt i bruk. Gardane hadde verken bruk for, interesse av, eller  jordresursar for oppretting av nye heimar. Mange av dei yngste husmannsplassane er oppretta på stader der vilkåra for eit næringsmessig tilskott av plassen er svært lite.

Den som nå kunne få tak i ein husmannsplass, kunne prise seg heldig. Om kåra var tronge, kunne han etablere ein heim og eit nokonlunde trygt tilvære.

Men nå var det ikkje lenger husmannsplassar til brått alle. Det voks nå raskt fram ei stor gruppe av inderstar og lausfolk, eit fullstendig eigedomslaust proletariat, som bodde i huset hos andre, tok dagarbeid når noko bau seg, og for ein ikkje liten del hangla gjennom med betling. Betleriet, folk som gjekk og bad seg, hadde eit uhyggeleg stort omfang til sine tider på 1800-talet. Mange av desse folka åtte absolutt ingenting. Dei hadde kanskje ei gryte som dei både kokte i og åt utav. Dei var i ein vonlaus og fornedrande livssituasjon, som i seg sjøl måtte verke demoraliserande og forråande. I denne situasjon blir husmannen faktisk ei mellomklasse i bygdasamfunnet. Men samstundes var det folkeoverskottet i husmannsklassa som skapte dette proletariat av inderstar og lausfolk. Dei var av hans folk, og han kjende samkjensle med dei.

Vilkåra for leige av husmannsplassane kjenner vi nokså godt til. Det er kjent ei rekke husmannskontrakter frå 1750-åra og fram mot slutten av 1800-talet. Husmannsskipnaden var ei elastisk ordning, som kunne tilpassast dei ulike tilhøve, storleiken av plassen, behovet for arbeidshjelp på garden, og personlege tilhøve. Men med visse variasjonar er det likevel eit heller fast mønster som blir følgt. Og det er ein tendens til tilstramming av vilkåra etter som tida går. Husmannsvilkåra vart stort sett lempelegare i 1750 enn i 1850.

Tilhøvet mellom husmann og bonde var eit personleg tilhøve. Den personlege legning hos dei båe fekk her mykje å seie. Men tilhøvet var og sterkt tradisjonsbundne, og det reduserte faren for overgrep og grov menneskeleg utnytting. Stort sett har tilhøvet mellom bonde og husmann vore godt. Det er ikkje slik at det var nokon griske utbyttarar som sat på den eine sida, og nokre kua slavar som sat på den andre sida. Naturlegvis var her rom for konfliktar når husmann og bonde ikkje gjekk godt  saman. Men det gjekk meire på det reint personlege enn på sjølve ordninga. Det var ikkje alle som likte trynet på kvarandre før i tida heller. Men da kunne husbonden få seg ein ny husmann og husmannen som regel ein ny husbond.

Husmennene var ein fullverdig integrert del av bygdasamfunnet. Dei var likeverdige i det tradisjoneile fellsskap, som grendelag, bearlag m.m. Dei var vørde for sin innsats som dugande- og pålitelege arbeidsfolk.

Ofte var det ein gammal husmann som har mykje av hugsotta på ein gard. Mange av husmennene var dyktige handverkarar, snekkarar, tømmermenn, smedar, skomakarar og skreddarar. Ikkje så få av dei var bygdakunstnarar, omgangsskolelærarar, og av og til underoffiserar. Eg trur nok at heller få av dei var prega av det vi kan kalle krypande husmannsånd. Dei fleste har kjent seg som fullverdige og fri menneske i bygdasamfunnet.

Arbeidsplikta gjekk av og til på tvers av husmannens interesser, serleg i onnene, da han hadde sine eigne gjeremål på plassen å ivareta. Det vart mykje arbeid om kveldane, og mykje av arbeidet fall på kone og barn. På den andre sida var dagtønna på topp i onnene. Hest, serleg i våronna fekk husmannen leigt på garden. Svært ofte vart det i helgene. Elles var husmannen sin eigen hest. Om vinteren kjørde mange husmenn med uksar, ja stundom og med kyr. Dei hadde da gjerne sydd ein pose over juret for å verne det mot kalden.

Arbeidsplikta til kona vart nok stort sett nytta med måte. Det var helst spesialarbeid, flattbrødbaking, slakting, husvask osb. Det same galdt arbeidsplikt for ukonfirmerte barn, der det var slik arbeidsplikt, og det er det i ein del kontrakter. Men elles var nok dei fleste på plassane interessert i arbeid på garden. Om løna ikkje var så stor, så hadde dei maten. Ofte var heile barneflokken med, slik som i skuronna.

Oftast hadde vel husmannen mellomrekneskap med husbonden. Mykje av det han tente, fekk han utbetalt i naturaliar. Det var ikkje å gå på butikken den gangen.

På ein underleg måte var husmannen knytt til garden. Han stod gjerne på gardens beste i tvistar med andre gardar. Ofte kjende han grenser og gamle rettar som låg til garden minst like godt som husbonden. Tilhøvet gard-husmannsplass er eit kompliseri tilhøve, som også har sine lyse sider.

Ofte sat same slekta på ein husmannsplass i fleire generasjonar. Den dag i dag finst det småbruk på Sør-Fron der slekta har sote i lange tider, først som husmenn, seinare som sjøleigarar. Men stabiliteten var mindre enn på gardane. På litt større plassar var det vanleg at den gamle husmannen og kona hans fekk ei lita førå når han oppgav plassen. Husleiga var da gjerne mindre så lenge føråa varte. Dedt var naturlegvis ei tyngsle meire på husmannen enn på husbonden. Men han visste at ein dag kom det hans tur til å bli gammal.

Vi ser og at bønder har sørgt for husmenn som har fare ille og vorte helselause ved ulykker. Vi har m.a. eit tiifelle frå Isum der bonden ved eit slikt tilfelle gav husmannen brev på å sitte gratis på plassen si levetid.

Utover 1800-talet blir dei sosiale skille mellom bønder og husmenn skarpare. Det merkast nok mindre i den daglege omgang, og i samværet på den felles arbeidsplass. Men det kjem eit meire medvete klasseskille inn på områder som gir prestisje og posisjon utover i samfunnet, eit klasseskille som blir meire sårt og vondt til meire medveten den enkelte blir om sitt menneskeverd og sine demokratiske rettar. Det utvikla seg tilslutt til ein vond sirkel, som bygdasamfunnet har betalt dyrt for. Det kom til å prege den politiske striden. Ein lang og rettferdig kamp måtte til for å bryte klasseskillene. I dag er alt dette historie.

Ein god del husmannsplassar gjekk over til å bli sjøleigande bruk alt tidleg på 1800-talet. For Sør-Fron reknar ein med at kring 40 opphavelege husmannsplassar vart sjølstendige bruk før 1875. I tidsrommet 1875-1900 vart vel 30 husmannsplassar sjøleigande bruk. Den største avhending av husmannsplassar gjekk for seg i tidsrommet 1900-1925, da kring 100 husmannsplassar vart selde. Etter 1925 er kring 75 husmannsplassar på Sør-Fron vorte sjøleigande bruk. Avviklinga av husmannsplassane gjekk noko seinare på Sør-Fron enn i mange andre bygder i dalen. Ein del husmannsplassar er gått inn under garden att, og ikkje så få er i dag utmark eller hamn.

Som eit kurosium kan nemnast at enda i 1973 finst eit par bygselplassar på Sør-Fron. Bygsellendingane har her så gunstige og varige bygselvilkår at dei ikkje har vore interessert i å bli eigar av bruka.

i Gardar og slekter i Fron, bind 1
publisert her første gong 25.12.2013

0 Comments

Submit a Comment