Jernmann, rimsmed og refsar

Hans Joten var meir enn ein bygdaorginal

Joten1

Hans Joten, måla av Albert Wadahl. Bildet heng i Harpefoss grendahus, det tidlegare Folkets Hus.

GUNNAR LIEN: «Tager ikke fanden dette samfund, så gjør han ei sin plikt.» I dei 74 åra som er gått etter at Hans Joten (1863-1946) gjekk bort, har dette sitatet og andre etter han vorte fortalt omatt til nye generasjonar. Dei har vorte eit slags felleseige. Kva var det med denne bygdasmeden, som ofte uttrykte seg i poetiske vendingar på stivt riksmål og som hadde slikt glødande samfunnsengasjement?

Han vart døypt Hans Amundsen og født 5. januar 1863 i Stubrud, ein plass under Baukhol. Far hans var Amund Hansen Dundrud og mora Anne Hansdotter Aande. I 1775 budde familien framleis i Stubrud, og faren Amund var registrert som «Husmand med Jord og Smed.» I 1878, det året Hans vart konfirmert, flytta dei til Øvre Joten, ein plass under Brandrud.

På 1880-talet var Hans Joten i Kristiania, og desse åra gjorde han til overtydd sosialist. Han hadde lese alt han kom over og var nok betre skolert enn dei fleste innan arbeidarrørsla. I motsetnad til mange som modererte seg politisk med åra, held Hans den revolusjonære gløden oppe og følgde med over frå Arbeidarpartiet til Norges Kommunistiske Parti ved splittinga på 1920-talet.

Frå talarstolen kunne han vera hard mot sine politiske motstandarar, og var han blant tilhøyrarane, kunne han stampe i golvet med stokken sin og kome med grove utbrot når han var usamd.

Det er fleire sitata etter Hans Joten: «Den finnes jo kun en klar linje, og den går mot øst, til Moskva – Russlands frie nasjon.» «Leve Russlands frie nasjon, det er mitt siste ord». Og alt på 1930-talet åtvara han mot Vidkun Quisling: «Quisling, det er fanden gale meg en farlig mann.»

Men Hans Joten vart aldri utøvande politikar med plass i kommunestyre. Det lokale kommunistpartiet sto for svakt. Og da dei politiske motsetningane var på det sterkaste i mellomkrigstida, hadde han alt vorte ein eldre mann.

Med ei så sterk overtyding var han òg lett å erte. Det hende at ungane langs vegen der Hans kom gåande, ropte: «Er det kaldt i Russland i dag». Da kunne han springe etter dei og sjå riktig morsk ut, men sjølv hadde han like moro av dette som ungane.

Ei tid var Hans Joten kyrkjetenar i Sør-Fron. Han måtte vel skaffe seg utkomme der det var mogeleg. Men han passa ikkje særleg i dette arbeidet. Ein gong var det gudsteneste med barnedåp. Dei som bar bornet, stod og venta ute på gangen til kyrkjetenaren kom og sa at dei skulle inn. Kyrkjetenaren fekk eit teikn frå presten at nå var det klart for dåpen. Men Hans hadde duppa av ein blikk og så ikkje teiknet frå presten, som vart harm på han. Da kom Hans busande ut i gangen og ropte så høgt at heile kyrkjelyden høyrde det: «Nå lyt døkk skonde dykk å kåmmå, for nå e´n så sint.»

Da han kom att frå Kristiania, gjekk han på krykker. Men ei kvinne med namn Ane Kås, som dreiv ein liten kafé der garasjane på Jensbakken nå står, gjennomskoda han. Ho tok frå han krykkene og kasta dei opp i loftet, og sidan brukte Hans aldri krykker meir. Kvifor spela han krøpling? Folk i bygda tolka det slik at Hans prøvde å dekkje over at det ikkje hadde gått så bra med han inne i Kristiania, at han hadde vore borti noko ulovleg som han hadde sitte inne for. Kva det var, visste dei nok ikkje heilt den gongen. Men han hadde  jobba med typografen/redaktøren Holtermann Knutsen, som hadde skrivi ein artikkel han var redd han kunne bli dømd for. Så han fekk Hans til å skrive namnet sitt under artikkelen i avisa. Slik gjekk det til at Hans vart dømd til fengsel for noko han ikkje hadde skrivi.

Han gjekk i fotspora til far sin og vart bygdasmed. I 1894 gifta han seg med Anne Hansdotter Håmårseter, født 1859 i Heidal, ei sterk og myndig kvinne mykje nytta som flatbrødbakar. Dei slo seg ned i Svingen rett nedanfor Jensbakken og fekk døtrene Anna, født 1896 og Helga, født 1899. Hans var nok ikkje den hardbarka karen som mange held han for å vera. For da dottera Helgs skulle koma til verda, var han så redd at han flaug omkring ute på garden med vesle Anna på ryggen og ylte og skreik medan jordmora var inne hos Anna. Seinare smidde han ein kniv til Helga og kom med denne rimstrofa: «Nu kan ingen lengre være trygg for sitt liv, for nu har jernmannens datter fått kniv.»

Svingen var ein plass utan jord, men dei hadde ei ku, og Hans måtte slå med ljå og tørke graset til høy alle stadar der han fekk lov å hauste seg fôr. Han slo graset langs jernbanelina og skrapslått i Brandrudjordet og drog det heim på dragkjelke om vinteren. Hans hadde rett da han sa: «Den Svingen, den er ikke så store gården, men der er store slåtter og vid-otter.»

Hans kunne raskt skifte målform. Ein gong han heldt på å stappe høy inn under golvet på ein låve, var han trass i slitet i det poetiske lunet: «Ja, Herren vet hvor hårdt jeg slet.» Men i det han retta seg opp, skalla han hovudet i taket, og da fekk pipa ein annan låt: «Men fanden så hakke for slike fôrhus.»

Joten2

Hans Joten (t.h) kanskje siste året han levde. Saman med Harald J. Rolstad (1876-1962). Foto av Ole M. Haugen, lånt av Ingrid Haugen.

Ulykka hende på sommaren 1946. Hans hadde no vorte ein gammal mann på 83 år, men han dreiv framleis og pusla med smedarbeidet sitt. I mange år hadde han vorte kalla for gammalsmeden. «Men jeg har levet min lengste tid», sa han ofte når det kom på tale om alder og aldring.

Etter at krigen var over, var framleis mange varer vanskelege å få tak i. Hans hadde gått opp på Jensbakken for å høyre om dei hadde nokre filer han trong til arbeidet sitt. Da han fekk avslag, vart han så fortvila at han  sa. «Nei, går det itte an åf å tak i nån ting, nå da.» Da var det at han bestemte seg for å gå opp til Ottar R. Listad, som var kjøpmann på Garbu, for å høyre om dei kunne ha desse filane der. Men så langt kom han ikkje. Hans hadde sin eigen måte å gå på. Han tok to skritt framover og eitt til sia. Ein bilist frå Oslo som skulle køyre forbi, feilvurderte denne gangarten og køyrde på han. Hans vart så hardt skadd at han døydde ei tid seinare, 6. september 1946. Ein stor personlegdom i bygda var gått bort.

Hans Joten var ein morosam bygdaoriginal vil nok mange av oss seia. Ja, han var nok det, men også mykje meir. Som smed var han vel berre så måteleg. Heller ikkje var det stor poesi han kom med, men det at han uttrykte seg i slike poetiske vendingar, gjorde at han vart sett på med stor interesse og mykje omtala og sitert.

Men det var etter mi meining det kolossale engasjementet han synte i dei sakene han trudde på, som gjorde han stor. Det var som det spruta gneistar av denne mannen, både i og utanfor smia. Likesæla var ei haldning som sto Hans fjernt, han torde å engasjere seg og stod fjellstøtt på det han trudde på. Han hadde store visjonar om at nytt og betre samfunn. At den historiske fasiten syner ei politisk utvikling som har gått i ei anna lei enn den Hans brann for, gjer ikkje verdien av engasjementet hans mindre.

Så eg har gøymt til slutt det sitatet etter Hans Joten som eg synes er det beste. Da dei spurde han  etter kven denne Staten var, fekk dei dette svaret: «Vet du ikke hvem Staten er. Staten, det er du og jeg.» Stuttare og klårare kan det vel ikkje seiast.

Redigert utdrag frå artikkelen «Hans Joten – jermannen, rimsmeden og samfunnsrefsaren» i Fronsbygdin 2010-2011.

 

0 Comments

Submit a Comment