Kva måtte til når Ingeborg Jacobsen fekk skyss med motorsykkel?

BJARNE ØYGARDEN: Ingeborg Jacobsen var jordmor på Nord-Fron frå 1922 til 1968. Jordmødrene var heilt avhengige av at dei kom raskt fram når det kom bod etter dei. Hest med kjerre eller slede var nok den tradisjonelle skyssen dei første ti-åra på 1900-talet. Sykkel var vanleg frå mellomkrigstida og framover. Vanskelegast var det nok i Vinstradalen, særleg om ein måtte ta ein avstikkar til Skåbubaklia. Da måtte ein enkelte stader setje att sykkelen og ta seg fram til fots.
Palmer Thorsheim frakta ofte Ingeborg med motorsykkel. På vinterstid vart det brukt ein slede. På bygdatunet i Nord-Fron står ein slede som kunne hengjast på ein motorsykkel. Ingeborg vart visstnok frakta med denne fleire gonger.

Det blir fortalt om ein gong da lyset på sykkelen vart borte på veg til Skåbu. Da måtte skysskaren, som ikkje var Palmer den gongen, tisse på lykta for å få lys. Og det verka. Lys vart det. Grunnen er truleg at dei brukte karbidlykter som hadde eit rom med kalsiumkarbid og eit oite rom ovafor karbiden som inneheldt vatn. Vatnet vart dryppa inn til karbiden, som da utvikla gass som var brennbar med stille, lysande flamme. Viss lampa gjekk tom for vatn, slokna ho. I og med at det var kuldegrader og lykta sikkert hengte på sykkelen som stod ute, ḱan det også vere at vatnet fraus. da kunne varm urin gjere underverker.
Ein fødsel Ingeborg fortalte om, er frå den tida ho hadde fødestove. Ein gut vart fødd for tidleg og vog berre 1000 gram. Ho la bomull i ein skoask, la guten oppi, og over asken vart det hengt ei vanleg glødepære for å gi varme. Ingeborg sa ho var spent på om pæra lyste når ho fór forbi heimen den første tida. Guten er ein stor, vaksen kar i dag.
Redigert utdrag frå artikkelen «Jordmor på Nord-Fron i 46 år» i Fronsbygdin 2019
0 Comments