På solsia synnafor Ny-Sambu — Nord-Fron — blir det om vinteren ei ofseleg stor sveilkule uppi li’n i ei dokk. Denne kula ligg slik til at sola ikkje kjem til der før seint på dagen, og ho held seg lenge utover våren. På Bre’e såg på denne kula når Øyangsvatnet var ope, så dei kunne borti der og fiske. Ho er kalla Jukulkula, og når ho er borte, er isen gåen. Det var ei dame på Bre’e som fekk Øyangsvatnet av ein høgtståande embetsmann fordi ho var god mot «om. Det var slik at slike karar tok inn der på Bre’e når dei for etter dalen. Heile bygda har fått namn etter denne garden. Når på Bre’e var burti Øyangsvatnet på fisking, var dei ute med fleire kløvøykjer, og dei tok gjerne ei tynne fisk på natta. Når dei da kløvja heimatt, hadde dei lausøykjer, så dei kunde skifte på øykjom å bera kløv. Det var ein drug tur, så det tok dagar å gjera ei slik ferd. Seinare har Bre’e selt vatnet. Det var ei låk tid, og det vart ikkje så mykje for det den gongen.

Frå historier.no

Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri

0 Comments

Submit a Comment