
Løyparski og andorski
IVAR KLEIVEN: Kvikneverane og skåbyggingane har frå dei eldgamle tider hatt mykje bruk for ski på alle fjellferdene deira med veiding og isfiske og elles i samferdsle med grannebygdene. Derfor vart dei snøgt oppøvde skilauparar og var sikkert i lange tider dei beste skilauparane i heile dalen. Denne lange oppøvinga har lært dei å finne ut ei framifrå godgjerd på skia sine, og likeeins å leite seg ut det beste skivørkje som var å finne. Dei gamle fjellmennene arbeidde nok skia sine kvar til seg, men oftast hadde nå bygdene skimakarar som gjorde ski til kven som tinga dei.
Skåbyggingane var nok basen til å gjere ski, og dei som dreiv mest i fjellet om vintrane, brukte andor– og løyparski, ei skigjerd som knapt var bruk i dei andre bygdene i Gudbrandsdalen. Men å gjera ei god løyparski skulle vera ei stor konst. og ei konst var det å leita seg ut det emnet som ville til ei slik ski, når ho skulle bli fullgod. Det laut vera anten utvald feittenar eller kvitrivilgran. Ei løyparski skulle, når ho var av rette slaget, vera så stegrend at skibandet spratt oppi hosoband-staden på skilauparen, når han steig av ho. Og var ho slik og hadde rette gjerda all opp, var det reint forunderleg korleis ein kunne koma fram på henne i fjellet i mest kaslags føre det var. Andorskia var berre stutt, og ho var kledd under med reinskinn, såleis at hårstoa låg attover og heldt imot når det gjekk imot bakke. Sjølvsagt laut andorn ôg ha rette gjerda, så ho høvde attåt den lange løyaparskia, men det trongdest ikkje så utvald emne til andora som til løyparskia.
0 Comments