KAARE HAGEN: Nå skal dykk få høyre korleis eg har høyrt dei underjordiske vart til. Det var Adam og Eva som hadde så mange ungar. Dei fekk besøk av Vårherre ein gong, og dei syntest det var skam å ha så mykje ungar. Dermed gøymde dei nokon av dei nede i kjellaren. Da sa Vårherre: «Heretter skal dei som er nede i kjellaren, vera under jorda. Og dei skal vera stammen til dei underjordiske.» Dette har Hans Hågå fortalt meg frå Sødorp, og han trudde fullt og sikkert på underjordiske og hadde sett mykje.
Fortald til ungdomsskuleelevar sist på 1970-talet. Frå Fronsbygdin 2005
0 Comments